Equinor droppar planane om leiteboring utanfor kysten av Australia
Equinor har gitt beskjed til styresmaktene i Australia om at dei droppar planane om leiteboring i Australbukta utanfor kysten av Sør-Australia.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Like før jul vart det gitt grønt lys til Equinors miljøplan for oljeboring i Australbukta. Equinor opplyser no at selskapet har gått gjennom leiteporteføljen på nytt.
– Godkjenninga av miljøplanen for leitebrønnen Stromlo-1 stadfesta at vi er i stand til å gjennomføre sikre operasjonar i Australbukta. Equinor har likevel vedtatt å stoppe planane for boring av leitebrønnen Stromlo-1 sidan moglegheita ikkje er kommersielt konkurransedyktig, seier Equinors landssjef i Australia, Jone Stangeland, i ei pressemelding.
Stangeland opplyser at selskapet skal diskutere vidare med føderale og statlege styresmakter i Australia om avgjerda om å avslutte leiteprogrammet.
Rettssak mot Equinor
I januar tok The Wilderness Society avgjerda frå det australske petroleumstilsynet NOPSEMA til retten. The Wilderness Society meinte at Equinor hadde late vere å konsultere lokale styresmakter og urfolk i prosessen.
Planen ville gitt Equinor moglegheit til å leitebore heile døgnet i 60 dagar mellom november og april i anten 2020–21 eller 2021–22.
BP droppa boreplanane i same område i 2016, og det same gjorde Chevron året etter, skriv ABC News. Equinor gjekk inn i lisensen i Australbukta som partnar i 2013, og tok over som operatør med 100 prosent eigardel i 2017. No er planane kasta, men Equinor seier selskapet framleis ser moglegheiter i Australia.
– Vi har eit leiteløyve utanfor kysten av Vest-Australia, og beheld andre eksisterande delar og aktivitetar i Australia, seier Stangeland.
Les også: Surfarar demonstrerte mot Equinor-planar