Sjå opp Iran: «She’s coming»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«Truth hurts», som sensurerte Lizzo seier.

I går la nettstaden Bored Panda ut ei liste med over 30 albumcover, der den iranske straumetenesta Melovaz hadde sensurert kvinnelege artistar. Årsaka er dei strenge kleskodane iranske kvinner er pålagde.

Uttrykket er mildt sagt tragikomisk.

Sjå nokre av dei sensurerte plateomslaga her.

Whitney må gå, KYGO får stå

Men det er ikkje berre det. Dette er noko av det mest visuelle uttrykket for kvinner sin situasjon i Iran: Når Lana Del Rey vert sensurert vekk frå sitt eige cover, men ein tilfeldig dude vert ståande att. Når Whitney Houston sitt andlet blir viska ut, medan Kygo sitt får stå.

Det er ikkje krise for Sigrid og AURORA, men for alle kvinnene som lever under eit slikt regime, er det alvor.

Iran er eit land der kvinner ikkje skal verken synast eller høyrast. Eit døme er kvinnelege musikarar, som ikkje får lov å opptre eller spele inn plater åleine.

Dei får berre lov til å spele framfor andre kvinner i Teheran og eit par andre stader. Syng dei for eit publikum med menn og kvinner, kan dei bli fengsla.

Musesteg framover

Men det har gått nokre musesteg i rett retning dei siste åra.

Seinast denne månaden vedtok voktarrådet ei lovendring som gjev born av iranske kvinner og utanlandske menn statsborgarskap. Likevel har framleis gifte kvinner i Iran strenge restriksjonar når det kjem til pass-tilgang og det å bevege seg fritt utan sin mann.

Iran kjem på ein nedslåande 142. plass på Global Gender Gap report 2018, som ser på kvinner sin økonomiske situasjon, utdanning, helse og politisk påverknad.

Det er eit par plassar opp frå året før, men med i alt 149 land på lista er det langt frå noko å rope hurra for.

Tidlegare i år vart den iranske advokaten Nasrin Sotoudeh dømt til 38 års fengsel og 148 piskeslag for å spreie informasjon som gjekk imot staten, for å fornærma landets øvste leiar og spionasje.

I Aftenposten kan ein lese at hennar kritikk av hijabforbodet, og at ho tok av seg hijaben var blant bevisa som vart ført i saka mot ho.

Den iranske menneskerettsadvokaten Shirin Ebadi, har kjempa for menneskerettsadvokaten Nasrin Sotoudeh (på plakaten) som i 2010 vart innlagd på sjukehus etter ein sveltestreik i fengselet. Foto: AP Keystone, Salvatore Di Nolfi

– Det handlar om verdigheit

I 2014 starta den iransk-amerikanske journalisten Masih Alinejad Facebook-sida «My Stealthy Freedom», der iranske kvinner sender inn bilete av seg sjølv utan sjal på hovudet.

Året etter starta ho kampanjen «White Wednesdays» som oppmodar kvinner til å anten ta av seg sjalet på onsdagar, eller erstatte det med eit kvitt sjal.

Masih Alinejad opplever at vestlege feministar ser på hijabpåbodet som eit mindre problem i Midtausten samanlikna med andre problem, men er ikkje einig:

– Det handlar ikkje om hår. Det handlar ikkje om eit tøystykke. Det handlar om verdigheit, sa ho i 2017.

Den gongen risikerte dei «berre» ti års fengsel og bøter. No er straffene skjerpa.

«She’s coming»

Amnesty International kjempar no for 24 år gamle Yasaman Aryani, som tidlegare i år fekk 16 års fengsel for å ta av seg hijaben og dela ut blomar på t-banen på den internasjonale kvinnedagen. Ho vart sikta for å «oppfordre og tilrettelegge for korrupsjon og prostitusjon».

Også mor hennar, som var med på aksjonen vart sikta for å «begå lovbrot mot nasjonal sikkerheit» og å «spre propaganda mot systemet».

Desse kvinnene ofrar alt for sin fridom

Førti år etter at den iranske revolusjonen i 1979 steinkasta kvinner i landet fleire lysår tilbake i likestillinga, har kvinnene fått nok. Desse kvinnene ofrar alt for sin fridom.

Då er det viktig at me ikkje berre ler av den latterlege photoshop-redigeringa, men ser og hevar røysta for dei som vert knebla.

«Du skal ikke tåle så inderleg vel, den urett som ikke rammer deg selv.» Og den fridommen me har kan ikkje takast for gitt.

Heldigvis kjem ofte dagen etter natta. Du kan ikkje sjå jenta på omslaget til Miley Cyrus, men teksten seier alt: «She’s coming».

 

 

 

 

 

 

 

  • Meiner du noko om denne saka eller andre saker? Send oss eit meinings-/lesarinnlegg på tips(a)framtida.no!