Bybanen bidrog til rekordauke i kollektivreisande 

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stadig fleire reiser med buss, båt og bybane. Sidan 2010 har passasjertala for kollektivtrafikken i Hordaland vakse kvart einaste år, skriv Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.

Talet kollektivreisande har auka med seks prosent samanlikna med 2018. Bybanen aukar mest, med heile 16 prosent. I snitt var det nær 60.000 daglege påstigingar på Bybanen kvar dag i fjor.

Kor mykje kan du om Vestlandet? Prøv deg sjølv i den store Vestlandskvissen!

– Bybanen har ei særstilling i kollektivsystemet vårt, og dei enorme reisetala syner for ein suksess den er. Tala understrekar også kor viktig det er med vidare utbygging, slik at fleire bydelar kan få same gode tilbodet, seier Jon Askeland (Sp), fylkesordførar i Vestland, i pressemeldinga.

Reisetala for Bybanen i 2019 er i all hovudsak basert på automatisk passasjerteljing.

Auken i reisande er større enn veksten i folketalet i regionen, som i regionen Hordaland var under 0,4 prosent.