Tilrådd 18-årsgrense for dataspel som inneheld gambling

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aldersgrensa gjeld spel som poker, rulett og black jack – spel som tidlegare hadde ei aldersgrense på 12 år.

Det er den europeiske bransjeorganisasjonen Pegi (Pan European Game Information) som har fastsett aldersgrensa for spel med eit innhald Medietilsynet omtalar som «opplæring i eller glamorisering av pengespel».

– Ei tydeleg melding til foreldre

Mari Velsand er direktør i Medietilsynet. Foto: Medietilsynet/ Thomas Ekström

– Medietilsynet meiner ei høgare anbefalt aldersgrense på denne typen spel kan bidra til å verne sårbare grupper som barn og unge, seier direktør i Medietilsynet, Mari Velsand.

Medietilsynet er òg opptatt av at foreldra skal få god informasjon om spela før dei kjøper dei.

– Å heve den tilrådde aldersgrensa er ei tydeleg melding til foreldre om at desse spela ikkje er eigna for dei yngste, seier Velsand.

Pegi står bak alders- og innhaldsmerkinga av dataspel i Europa. 18-årsgrense blir sett, ifølgje Pegi, på spel som kan vise grove valdsskildringar og vald mot forsvarslause menneske og dyr. Medietilsynet representerer Noreg i Pegi-rådet.

Pegi-merkeordninga blir i dag mellom anna følgd av Microsoft, Nintendo og Sony. Ho blir òg brukt av Google Play, medan App Store har si eiga ordning.

Dei tri beste para i parkonkurransen for jenter i VM: Frå venstre Sofie Græsholt Sjødal–Agnethe Hansen Kjensli (sylv), Thea Lucia Indrebø–Ida Øberg (gull), Yijia Lu–Chenyun Ge (bronse). Foto: World Bridge Federation