På 30 dagar kan daude menneske verte «klimavenleg» kompost

Amerikanske Recompose vil gjere det meir klimavenleg å døy.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det amerikanske firmaet Recompose vil snart tilby eit alternativ til vanleg gravlegging og kremering – nemleg menneskeleg kompost.

Dette hevdar firmaet er eit meir klimavenleg alternativ.

Det skriv britiske BBC.

Kva vil du skal skje med kroppen din når du døyr?

Kva vil du skal skje med kroppen din når du døyr?

Gravlegging155
Kremering131
Kompost63
Anar ikkje!23
Svar totalt: 372

 

Nedbroten på 30 dagar

Den daude kroppen vert lagt i ein tett boks som er fylt av trebitar, ein blome som heiter lusern og strå. Kroppen vert sakte rotert slikt at mikroorganismar kan bryte den ned. Sjølv bein og tenner vert omgjort til jord.

Ei pilotundersøking med seks personar som hadde gjeve samtykke for dei døydde synte at vevet vart brote ned trygt innan 30 dagar.

Då kan pårørande hente jorda, og spreie den på plantar eller tre, om dei vil.

På nettsida si opplyser firmaet om at éin prosess fører til over 760 kg jord. Dersom ein ikkje vil hente alt, så spreiar dei jorda for deg.

Slik kan ein komande Recompose-lokale sjå ut:

Klimagevinst

Til BBC seier direktør og grunnleggjar av firmaet, Katrina Spade, at prosessen vil kunne hindre meir enn eitt tonn karbon frå å sleppe ut i atmosfæren, samanlikna med kremasjon.

Katrina Spade er grunnleggjar og direktør i Recompose. Foto: Recompose

Spade trur den same klimavinsten er å hente samanlikna med gravlegging, sidan ein ikkje treng produsere kiste eller gravstøtte.

– For mange folk resonnerer dette med måten dei prøver å leve livet sitt. Dei vil velje ein plan for døden som resonnerer med måten dei lever, seier Spade til BBC.

Direktøren fortel at så langt har 15,000 menneske meldt seg på nyheitsbrevet til firmaet, og at lovforslaget som opnar for tenesten har fått tverrpolitisk støtte i heimstaten Washington.

Samstundes påpeiker Spade at prosjektet går så raskt framover på grunn av kor mykje klimaendringane hastar, og medvite om at ein må gjere noko.

Gravstøttene på den grøne gravplassen er av tre og skal erstattast etter omlag 10 år. Foto: City of Paris