Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I november 2018 sleppte Sei Selina (22) sin første singel: Young Samurai. Nokre månadar seinare stod ho på scena under Vill Vill Vest og vart spådd ei lysande karriere av Bergens Tidende.

Nyleg vart ho kåra til «Månadens Urørt» for februar 2020, og i slutten av månaden speler ho sin andre konsert nokosinne på bransjefestivalen by:Larm i Oslo.

Urørt er P3 sin plattform for dei ferskaste artistane i Noreg, og kvar månad trekker dei fram ein artist som det norske publikumet bør bli endå betre kjend med.

– Vi skuldar faktisk dritmange jenter med fleirkulturell bakgrunn litt eksponering og noko å kjenne seg igjen i, sa Sei Selina til P3 då ho vann Månadens urørt.

Ho vaks sjølv opp i Bærum, med ein far frå Sierra Leone, ei norsk mor og to eldre brødre. Ho fortel at ho savna norske kvinnelige, musikalske forbilder med flerkulturell bakgrunn å sjå opp til som liten.

Bli betre kjend med ho i Musikkdagboka:

Kva betyr musikk for deg?

Musikken eg anten lyttar til eller lagar, er avgjerande for kva stemning frå innsida eg vil framheve og sette fokus på. Så det betyr korleis eg ser ting, korleis eg føler meg. Høyrer eg ei trist låt, blir eg trist. Skriv eg ein vond tekst, så får eg vondt.

Kor mange timar dagleg høyrer du på musikk?

Anten mykje eller ingenting.

Favorittsjanger:

Soul og gospel i hjarta.

Favorittband:

Hiatus Kaiyote.

Favorittlåt/artist:

Ein låt som kjem til å følge meg og treffe meg i dag, i morgon og om 50 år er:
Sam Cooke – A Change is Gonna come.

Første album du kjøpte sjølv:

Michael Jackson – Bad

På barneskulen. Platekompaniet<3

Kva synest du i dag om musikksmaken din som tenåring?

Eg blei introdusert for musikken til Lauryn Hill og Erykah Badu i starten av ungdomskulen. Dei blei viktige for meg og var både kule og spanende å høyre på.

Men samtidig hadde eg ein belieber-periode som varte i for lang tid… for lang tid.

Kva syng du i dusjen?

Random melodiar.

Verdas beste kjærleikslåt:

For hjartesorg: Feel Fine – Emilie Nicholas

https://www.youtube.com/watch?v=Yj3P59BOV-M

Og medan ein er in love: Rock with you – Michael Jackson

Verdas mest oppskrytte band/musikar:

Styrer unna sånt negativt fokus.

Verdas mest undervurderte band/musikar:

Ei stjerne eg vil sjå ha totalt verdsherredøme er Snoh Aalegra. Kjem ikkje på ein som har meir klasse (!!!!!). OG ho burde synge i den neste 007-filmen. Love you, Snoh!

Kva låt skulle du ynskja du hadde laga?

Akkurat no: Kali Uchis – Solita

Kva for artist (levande eller død) ville du hatt privatkonsert og middag med i stova di?

Levande: Erykah Badu! Ho er velkomen når som helst.
Død: Nina Simone er kvinna eg først ville valt! Wooooow. Wow…  Også Michael Jackson. For. Ever.

Kva låt vil du ha i bryllaupet ditt?

Laga speleliste allereie i 8. klasse. Berre fordi eg gleda meg sånn til å halde ein fest der kjærleiken blir feira (I still do).

The Emotions – Best of my love. Heile natta!

Kva låt vil du ha i gravferda di?

Stille, om det er ved havet.

Eller Cornfield Chase – Hans Zimmer. Med orkester. Wow.

Norsk-ghanesiske Beatrice Akuvi Hosen Kumordzie (25) gav ut plata «Unfinished Business» i desember og har allereie vore på turné i Sør-Afrika. Pressefoto