Kvifor feirar vi Valentindagen?

Peder Skjelten
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er fleire helgenar som heitte Valentin eller Valentinus.

Utanom namn har dei alle til felles at dei var martyrar. Så romantisk!

Via folk i hemmelege bryllaup

I følgje ei legende, gjengitt på History.com, var Valentin ein prest i romarriket på 300-talet.

Keisaren på den tida hadde fått det føre seg at ugifte menn var betre soldatar enn gifte, og bestemte seg for å forby soldatar frå å gifte seg.

Presten Valentin bestemte seg for å motseie keisaren sin ordre og via soldatar med sine elskede i hemmelege bryllaup.

Til slutt blei han avslørt, og keisaren fekk han henretta.

Forveksling

Ei anna versjon av opphavet til Valentinesdagen er knytt til eit kjærleiskbrev.

Ein fengsla mann ved namn Valentine, som var førebudd på å bli drepen av romarane for å hjelpe andre kristne å flykte, sende eit siste brev til sin elskede, og signerte “Frå din, Valentine”.

Heidensk erstatning

Men kvifor feirar vi Valentinsdagen 14. februar?

I år 469 erklærte paven Gelasius I, at 14. februar skulle feirast til minne om Valentine.

Romarane hadde frå før ein anna feiring den 15. februar: Lupercaliafestivalen. Festivalen skal gå så langt tilbake i tid som til år 600 før kristus. Den blei feira for å rense byar frå vonde ånder og for å hjelpe for fruktbarhet.

På same måte som at jul kjem frå heidenske røter, og har erstatta ikkje-kristlege feiringar, er det fleire som meinar at Valentinsdagen òg kom inn som ein kristen erstatning for den heidenske Lupercaliafestivalen.

Tener ein kvart milliard

Utover 1800-talet blei det vanleg å feire Valentinsdagen med gåver til sine kjære. I dag er spesielt blomar, sjokolade og valentinskort populære gåver.

Sjølv om kjærleiksdagen ikkje er like populær i Noreg som i til dømes USA og Storbritannia, kan norske butikkeigarar sjå grønt fredag. 14. februar 2017 omsette norske butikkar for 270 millionar kroner, ifølgje Virke.

President Donald Trump var imponert over den breibrysta kvite kalkunen Butter, som vart sett i nåde før årets thanksgivingfeiring. Foto: AP Photo/Evan Vucci)