Den 112 år og 345 dagar gamle japanaren Chitetsu Watanabe er den eldste levande mannen i verda, ifølgje Guinness rekordbok. Dei beste råda hans er: Smil og ver glad.
NPK-NTB
NPK-NTB

Onsdag fekk Chitetsu Watanabe (112) eit sertifikat frå Guinness rekordbok som prov på prestasjonen, som den eldste levande mannen i verda.

Ifølgje Waranabe er løyndomen bak eit så langt liv å ikkje bli sint og å halde fram med å smile.

Fødd i 1907

Watanabe vart fødd i Niigata i Japan i 1907. Han er utdanna innanfor landbruk, og jobba med dette fram til andre verdskrigen.

Etter krigen var han byråkrat i heimbyen. Watanabe fekk fem barn med kona si, Mitsue.

Rekordinnehavaren er elles veldig glad i søtsaker.

Verdsrekorden er 122 år

Foto: Wikipedia

Den førre rekordinnehavaren, japanaren Masazo Nonaka, døydde førre månad.

Den eldste personen nokosinne er franske Jeanne Calment, som var 122 år gammal då ho døydde i 1997.

Oppdatert: torsdag 13. februar 2020 14.28
ANNONSE