NASA skal dyrka chili i rommet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei gruppe forskarar frå NASA jobbar med å senda chili-plantar til den internasjonale romstasjonen, melder CNN.

NASA har allereie lukkast med å dyrka kinakål, mizunasalat, raud russisk grønkål og blomen zinnia på den internasjonale romstasjonen.

Mangel på vitamin og næringsstoff

I likskap med sjømenn i gamle dagar kan astronautar få mangelsjukdommar, dersom dei ikkje får dei vitaminane og næringsstoffa dei treng. Men det å vera i rommet fører til endå fleire utfordringar.

Mangel på tyngdekraft gjer at kroppsvæsker stig til hovudet på astronautane, noko som gjer at dei kjenner seg forkjøla. I tillegg opplever mange å mista smakssansen og å få dårleg syn.

Den amerikanske astronauten Serena Auñón-Chancellor, som også er lege og ingeniør, hausta raud russisk grønkål 28. november 2018. Kålen vart servert med balsamico då astronautane feira thanksgiving i fjor. Foto: ESA/Alexander Gerst

Draumen om Mars

Målet er å finna frukt og plantar som kan bli med astronautar til Mars og livnæra dei i rommet.

Ifølgje NASA-forskar Jacob Torres vil den kortaste ruta til Mars ta to år. Ferdigmat vil kunne metta, men ikkje fullstendig dekkja astronautane sitt behov for vitaminar og næringsstoff.

Difor må forskarane finna måtar ein kan gro fersk frukt og grønsaker i rommet.

I 2016 delte astronaut Scott Kelly dette biletet av ein zinnia:

Kan bli sendt ut i november

Nokre chili-plantar kan vere eigna til romdyrking fordi plantane er lette å pollinera og kan overleva i eit miljø med høgt CO2-nivå.

Planten som på engelsk heiter Española chile pepper er dyrka fram i New Mexico i USA. Chilien veks godt i høgda her på jorda og har ein kort vekstperiode. Chilien inneheld òg mykje C-vitamin og forskarane håpar det vil bøta på ein del av helseproblema som oppstår i rommet.

– Berre førestill deg å ha ein fersk chili å bita i etter månadar med å eta papp, seier Torres til CNN.

Ifølgje Torres gjer denne chilien det betre enn venta og allereie i november kan dei første plantane bli sendt ut til den internasjonale romstasjonen.

Les også: Enorm, mystisk masse funne under overflata på månen