Ser ut til at det blir Friends-reunion

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I november 2019 starta ryktene å gå om ein reunion med den folkekjære venegjengen, som feira 25-årsjubileum berre to månadar tidlegare (september 2019).

Utan manus i ein time

No kan det sjå ut til at det ikkje er lenge til alt er spikra og klart, for ein etterlengta time saman med denne gjengen:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

And now we’re Instagram FRIENDS too. HI INSTAGRAM ??

Et innlegg delt av Jennifer Aniston (@jenniferaniston)

Det er Deadline.com som melder dette.

Ny strøymeteneste

Reunionen skal vera ein del av lanseringspakken til HBO Max som snart vil legga ut alle episodane frå serien på sine strøymetenester.

Det som er planlagt er ikkje heilt ein fullverdig reunion, men ein time med skodespelarane Jennifer Aniston, Courteney Cox, Lisa Kudrow, David Schwimmer, Matt LeBlanc and Matthew Perry – utan manus.

Skaparane bak serien, Martha Kauffman og David Crane, har sagt at dei ikkje ynskjer å ha ein episode der me får møta karakterane frå serien. Under ein debatt om serien under Tribeca TV-festival i september sa Kauffman:

– Me kjem ikkje til å laga ein reunion-serie. Det vil ikkje slå det me gjorde.

Ho legg til at serien handla om den tida i livet då vener er familien din, og at det endrar seg når ein får eigne familiar.

3,9 milliardar kroner

Serien har vore ein stor suksess på Netflix, men forsvinn snart frå deira strøymetenester. Netflix betalte omlag 925 millionar norske kroner, men vil heller bruka meir pengar på sine eigne seriar og filmar framover. Det er mogleg serien kjem tilbake etter nokre månadar.

Friends-sesongane skal ha kosta HBO Max 425 millionar dollar (omlag 3,9 milliardar norske kroner).

5. februar la Matthew Perry (Chandler) ut denne teasande Twitter-meldinga, som har gjort at ryktene har fått endå meir blest:

I kommentarfeltet strøymer det inn med Friends-gifar, gledesutbrot og kjærleik.

Dette bør skje.