6. ETG: Årtusenets julekalender: Velkommen til år 2004

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 29.01.2020 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva skjedde i 2004?
Dette året var spekka med store tragediar og fine augneblinkar. Og endeleg var internett på veg. Det største som skjedde i nyhendebilete var nok tsunamien på Sri Lanka og omegn 2.juledag. Dette var også året då NOKAS-ranet skjedde og alle fekk vite kven David Toska er.
Ein litt hyggelegare ting som skjedde, var at me fekk ei kronprinsesse: Ingrid Alexandra vart nemleg fødd 21. januar og kjem til å bli dronninga vår ein dag. I USA vart president Bush vald til fire nye år, her heime vart Erna Solberg partileiar i Høgre og det vart også dette året røykeslutt på restaurantar. Og Odd Norstoga slo igjennom med Kveldssong for deg og meg.

Dette lytta me til

Dragostea Din Tei av den moldovsk/rumenske gruppa O-zone.

Høyr heile VG-lista topp 20 på Spotify.

Dette såg me på kino

Shrek 2 hadde 610 747 besøkande på kino i Noreg, og var dimed den mest sette filmen.

På andre- og tredjeplass var Harry Potter og fangen fra Azkaban og Ringenes Herre: Atter en konge. 

Kjelde: Kinotoppen til MedieNorge

Dette sa me

Årets nyord var: Politikjend. Årets slanguttrykk var: Awesome Sauce

Dette hadde me på oss

Velour! Deilige joggesett i velour.

Dette lo me av

Numa Numa-dansen. Etter å ha høyrt Dragostea din tei, bestemde Gary Brolsma seg for å lasta opp ein lip dub på Youtube. Med genuine dans- og handrørsler, vart ei heil verd sjarmert. Og sånn vart både han og låta kjend for eit mykje større publikum.

Den er truleg sett rundt 70 millionar gonger til saman, og han var til og med med i ein South Park-episode.

https://www.youtube.com/watch?v=KmtzQCSh6xk

Dette snakka me om

1. Facebook blir lansert

Det er lenge sidan ein måtte forklara nokon kva Facebook er. Men i 2004 var Mark Zuckerberg 19 år, og kunne fortelja om si nyfinning: The Facebook.

I starten var det ein slags database over studentane på Harvard, universitetet han og dei andre «oppfinnarane» gjekk på.

I 2004 var målet å få det utvida til fleire universitet og høgskular i USA. Etterkvart hadde dei omlag 100.000 brukarar og folk ved fleire ulike universitet hadde byrja bruka det sosiale mediet.

– Maybe we can make something cool, sa Zuckerberg i sitt første intervju på CNBC (videoen øvst).

Frå 2006 vart Facebook opna for alle i verda, som er over 13 år. I dag er det over 2,5 milliardar aktive brukarar i månaden, og Facebook er det største sosiale mediumet i verda.

2. Janet Jackson og «Nipplegate»

https://youtu.be/CeVkKoSgkTg?t=62

Janet Jackson og Justin Timberlake underhaldt i pausen på Super bowl. «Halftime»-en er noko av det som er mest sett på TV i USA, både då og i dag.

Under eitt av nummera kjem Timerlake mot Jackson, legg handa over overkroppen hennar og røskar av ein del av toppen. Den som dekte brystet. Og i eit kort augneblink ser dei 140 millionar sjåarane brystet hennar. Så kjem det pyro frå alle kantar og songen er over.

Ingen av dei to artistane har til dags dato innrømt om det var planlagt eller ikkje.

1. Februar 2004: Janet Jackson og Justin Timberlake, rett etter Timberlake drog av delar av toppen til Jackson og “heile verda” såg brystet hennar. Dette var under Half time i Super Bowl XXXVIII i Houston. (AP Photo/David Phillip, File)

Det vart stor oppstanding over hendinga, og diskusjonar rundt direkte-sending. Kanalen la inn fleire restriksjonar på nakenheit på skjermen, og Super Bowl sjølv hadde kun «gamle klassikarar» på scenen dei neste seks åra. Ikkje ei kvinne opptrådde, før Black Eyed Peas i 2011.

«Janet Jackson» var også det som var mest søkt på internett både i 2004 og 2005. Forklaringa på at det skjedde vart kalla ei «wardrobe malfunction» (Garderobefeil), som så vart teke inn i ordbøkene som eit omgrep.

Og Jawed Karim, mannen bak Youtube, meiner at «Nipple gate» var ein av grunnane til at han laga nettstaden. Han ergra seg sånn over at han hadde gått glipp av denne TV-augneblinken som alle andre hadde sett. Eitt år seinare registrerte han domenet Youtube.com.

3. Siste episode av Friends

Sjølv om mange av oss stadig finn fram Friends på Netflix, er det altså 15 år sidan det vart produsert ein Friends-episode.

52 millionar sjåarar følgte med då den siste episoden vart sendt 6. mai 2004. 236 episodar og 10 sesongar etter første episode i i september 1994.

Dei fem venene Monica, Ross, Joey, Phoebe, Rachel og Chandler har gjeve oss drøssevis av minneverdige TV-augneblinkar.

4. Mean Girls

Eit ekstra punkt måtte faktisk til, fordi: Mean girls!

Filmen som forma ein heil generasjon, gav oss dei beste sitata, lærte oss om venskap og moral, underhaldt oss på overnattingsfest og gav oss Pink Wednesday!

Filmen har til og med fått ein eigen nasjonaldag: Mean Girls Day, som vert markert kvart år 3. oktober.

Og me har fått masse uttrykk frå filmen. Som «fetch» til dømes.

Karakteren Gretchen prøver å innføra uttrykket som eit ord for fint eller kult. Og med suksessen til filmen, vart også omgrepet teke i brukt over heile verda.

Sjå dei andre lukene i Juleheisen her!