Møt kvinna som fekk slutt på barneekteskap i Tanzania
Du har kanskje høyrt om klimasøksmålet i Noreg, men visste du at menneske som kjempar for andre former for sosial rettferd også saksøker staten sin?
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I Tanzania var aldersgrensa for ekteskap for jenter berre 14 år, og 40 prosent av jentene blei gifte før dei var 18.
Den unge advokaten Rebeca Gyumi (30) saksøkte staten i heimlandet sitt i 2016. Ho meiner at barneekteskap er grunnlovsstridig og bryt menneskerettane. I fjor haust fekk ho gjennomslag i retten, og aldersgrensa for å gifte seg blei auka til 18 år for både menn og kvinner.
Ein personleg kamp
For Gyumi er engasjementet hennar personleg: Ho vaks opp i eit av områda i Tanzania med størst andel barneekteskap.
– Engasjementet mitt starta allereie som barn, da eg vaks opp i hovudstaden i Tanzania. Eg høyrte om jenter på skulen min som blei gravide og måtte droppe ut, for så å bli gift nokre månadar seinare, seier Rebeca Gyumi på telefon til Framtida.no.
– Eg byrja å jobbe i andre landsdelar med færre barneekteskap og skjønte kor alvorleg omfanget av barneekteskap er der eg kjem frå. Sidan da har eg heile tida leita etter nye måtar å skape endring og sikre at jenter får fleire rettar, seier Gyumi til Framtida.no.
Søksmålet som starta i 2016, var ikkje starten på engasjementet hennar. Ho var med å starte ein organisasjon som jobbar for jenter sine rettar, som ho også er leiar for.
– Vi starta Msichana Initative fordi vi såg eit behov og ei moglegheit til å skape ein plattform kor jenter kan heve stemma si, og fremje rettane sine i lokalsamfunnet.
LES OGSÅ: Kvart år blir tusenvis av unge jenter gifta bort i USA
Gir seg ikkje
– Kvifor valte ein organisasjon som jobbar med jenter sine rettar å saksøke staten som ein form for aktivisme?
– På 90-talet publiserte styresmaktene ein rapport som konkluderte med at lovene som tillét barneekteskap er skadelege. Sidan da har mange har prøvd å overtyde staten om at vi måte endre lova, utan hell. Derfor såg vi eit behov for å saksøke staten, sånn at domstolane endeleg kunne avgjere om ekteskapsreglane var grunnlovsstridige eller ikkje.
Dei fekk gjennomslag i første rettssak, i 2016. Men staten valde å anke dommen i fleire rundar. Den endelege dommen frå høgsterett kom i oktober 2019, og konkluderte med at barneekteskap var grunnlovsstridig.
Sjølv om Msicahana initiative har fått gjennomslag for ei av sine viktigaste saker, har dei ingen planar om å kvile i nær framtid.
– Vi meiner at utdanning er utgangspunktet for å hjelpe jenter å leve opp til potensialet sitt, og beskytte dei mot barneekteskap. Derfor har vi blant anna eit prosjekt kor vi kjøper syklar til jenter som har lang skuleveg.
LES OGSÅ: Musikkvideo redda afghanske Sonita frå tvangsekteskap
Fakta om barneekteskap i Tanzania:
- 2 av 5 av jenter blei gift før dei var 18 frå 2000-2011 i følge FN.
- Fram til 2019 var aldersgrensene for å inngå ekteskap 14 for jenter og 18 for gutar
Fakta om Msichana Initiative:
- Tyder jente-initiativet på Swahili
- Dei har fokus på haldningskapande arbeid og utdanning for jenter
- Jobber i 16 lokalsamfunn i Tanzania
- 3800 barn får hjelp av organisasjonen