Phoenix om rasisme i filmindustrien: – Skammar meg over at eg er ein del av problemet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg synest me sender ein veldig tydeleg beskjed til farga personar om at de ikkje er velkomne her, sa Joaquin Phoenix i takketalen under BAFTA-seremonien.

Hollywoodstjerna er ein av mange som kritiserer «britane sin Oscar» for manglande mangfald. I år var samtlege av dei nominerte skodespelarane kvite, noko som er regelen heller enn unntaket.

Phoenix vart løna med BAFTA-prisen for beste skodespelar for si rolle i The Joker. I takketalen sa 45-åringen at han var takknemleg for støtta karrieren hans har fått av BAFTA-komiteen, men at han hadde blanda kjensler sidan ikkje alle får dei same privilegia.

– Det er opp til oss

– Eg skammar meg over å seia at eg er ein del av problemet. Eg har ikkje gjort alt i mi makt for å sikra at settet eg jobbar på er inkluderande, sa Phoenix.

Skodespelaren meiner likevel at det å ha multikulturelle sett ikkje løyser systema åleine, men at industrien må sjå den systematiske rasismen.

– Eg meiner det er ansvaret til dei som har skapt, vidareført og drege nytte av eit undertrykkande system å vere dei som bryt det ned – så det er opp til oss, avslutta Phoenix.

Talen vart vel motteken både i salen, men òg blant Twitter-brukarane som følgde showet frå tv-skjermen jubla.

BAFTAsSoWhite

Den britiske BAFTA-prisen (British Academy of Film and Television Arts) har ord på seg for å vere ein peikepinn på vinnarar av Oscar-statuettane, som vert kunngjorde neste helg. Og på same måte som Oscar-tildelinga har prisen ord på seg for å vere dominert av «kvite menn som pushar 50».

I dei fire skodespelarkategoriane (beste mannlege hovudrolle, beste kvinnelege hovudrolle, beste mannlege birolle og beste kvinnelege birolle) var alle dei nominerte kvite, noko som vert kritisert under emneknaggen #BAFTAsSoWhite.

Renée Zellweger fekk prisen for beste kvinnelege hovudrolle for si tolking av Judy Garland i filmen Judy. Her kan du sjå alle vinnarane.

Regissør Steve McQueen, som tidlegare har vunne BAFTA for filmen Twelve Years A Slave, er blant dei som har åtvara om at prisen står i fare for å verta irrelevant, om dei ikkje gjer endringar.

Årets nominasjonsliste er diverre ikkje unik. Ifølgje BBC har nemleg berre 5% av skodespelarnominasjonane dei siste ti åra gått til ikkje-kvite skodespelarar.

Litt meir lovande var det i år blant dei nominerte til prisen for EE rising star, der Micheal Ward stakk av med sigeren framfor mellom andre Awkwafina og Kelvin Harrison Jr.

Prinsen lovar handling

Også britiske prins William, som har vore president for BAFTA dei siste ti åra, nytta si taletid til å retta fokus på mangfald i tildelingane

– BAFTA tek dette alvorleg og som følgje av dette års nominasjonar har eg iverksett ei full og grunndig vurdering av heile prisprosessen, sa prinsen frå talarstolen før han delte ut BAFTA Fellowship Awards til filmprodusent Kathleen Kennedy.

Twitter er ikkje like imponert over talen til prinsen. Fleire kritiserer William for å ikkje ha støtta si svigerinne Meghan når ho har vorte utsett for rasisme i britisk offentlegheit og meiner at engasjementet ikkje er truverdig.

Kvinnemangel

BAFTA får kritikk både for manglande mangfald og kjønnsbalanse. I løpet av ti år med 50 nominasjonar har berre to kvinner vorte nominert i kategorien Beste regissør, Lynne Ramsay i 2012 og Kathryn Bigelow i 2013.

Bigelow er til dags dato einaste kvinnelege vinnar av BAFTA og Oscar for beste regi. Begge prisane fekk ho for The Hurt Locker.

Jane Fonda har blitt arrestert fleire gongar etter ho starta Fire Drill Fridays-demonstrasjonane med sivil ulydnad. Taylor Schilling, kjend frå Orange is the new black har også delteke, men vart ikkje arrestert. Joaquin Phoenix, kjend frå Joker, vart arrestert. Foto: AP Photo/J. Scott Applewhite og Fire Drill Fridays.