...og trenar med Stein Torleif Bjella på øyra – eller Ariana Grande.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vilde Iris Hartveit Kolltvei (23) går under artisnamnet «iris», og kom i 2019 med sin EP-debut: a sensitive being, der mellom anna from inside a car kom på fleire av dei store radiokanalane sine spelelister.
Tidlegare var ho med i popduoen HAGE, men står no på eigne bein som soloartist. Framleis innanfor pop-sjangaren, med litt meir dragning mot electronica/alternativpop.
2019 vart eit suksessår for bergensartisten med konsertar på Trondheim Calling, by:larm, Bergenfest og turné med Aurora på hausten.
I starten av mars i år spelte ho også på Camden Assembly i London.
Her er musikkdagboka til iris:
Favorittsjanger:
Så lenge det får meg til å anten danse eller at det ristar litt i sjela, så kan eg digge det.

Favorittband:
Radiohead.
Første favorittlåt:
Anten Here comes the sun – The Beatles
eller Kiss me – Sixpence none the richer
Kva synest du i dag om musikksmaken din som tenåring?
Mykje bra og fint, eg var glad i veldig trist men veldig fin musikk. Eg føler lite eller ingen skam.
Første album du kjøpte sjølv:
Traveling Wilburys Vol.1
Kva syng du i dusjen?
Teenage Dirtbag – Wheatus. hehehe.
Verdas beste kjærleikslåt?
Clair de lune – Debussy
Kva låt skulle du ynskje du hadde laga?
Die 4 you – Perfume genius
Beste treningsmusikk:
Ariana Grande eller Stein Torleif Bjella.
Guilty pleasure:
K-pop, men det er ikkje guilty, berre pleassshure. Momoland er dødstidi.
Verdas mest oppskrytte band/musikar:
Ohhhh brutalt. Eg klarar ikkje svare på det.
Kva for artist (levande eller død) ville du hatt privatkonsert og middag med i stova di?
Stein Torleif Bjella, så kan eg ta litt situps medan han spelar.
Kva låt vil du ha i bryllaupet ditt?
The funeral – Band of horses
eller Romantikken gjer meg sjuk – Stein Torleif Bjella.
Kva låt vil du ha i gravferda di?
Enter sandman – Metallica. No joke.
Og For the widows in Paradise, for the fatherless in Ypsilanti – Sufjan Stevens
- Les også musikkdagboka til Halie: Ho meiner GoT-skodespelar burde vore meir kjend for musikken