I bokhylla: På nattbordet til Kjersti Halvorsen hopar bøkene seg opp

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjersti Halvorsen debuterte i 2019 med Ida tar ansvar. Aftenpostens meldar kalla det ein «vittig debutroman» og Stavanger Aftenblad meinte debuten var «tufta på ein genial idé», for i boka møter ansvarsfulle Ida Incel-guten Aksel.

No er 26-åringen frå Lier ein av fire nominerte til Tarjei Vesaas’ debutantpris for sin første roman, difor tek me ein kikk i bokhylla hennar:

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Dei plar å hope seg litt opp! No er det to låge tårn beståande av Nada av Hanna Stoltenberg, De grunnleggende bestanddeler av Michel Houellebecq, Hjem, sier hunden av Gro Dahle, Romutvidelser: essays av Thure Erik Lund og Rebecca av Daphne du Maurier. Og ei novellesamling med noveller frå forfattarar over heile verda som eg lånte av Ylva Østby. Eg lover å gje den tilbake snart!

Kva bøker les du helst?

Eg les mest norsk samtidslitteratur. Helst romanar, iblant noveller. I det siste har eg lese litt poesi og likt det veldig godt, blant annet Vekstsesonger av Kristian Hæggernes.

Det er vanskeleg å oppsummere kva tema eg likar å lese romanar om, men når eg ser på oversikta frå det siste året er temaet vanskelege kjærleiksforhold ein gjengangar.

Om eg får ei entusiastisk bokanbefaling frå ein ven hender det eg blir freista. Eg synest også det er ekstra kult å lese bøker skriven av folk eg kjenner og har fått innblikk i prosessen til, som Rosehagtornen av Helga Songøygard Battin.

Kor les du?

Eg les i sofakroken der lyset er best og i senga. På tog (ikkje buss, blir uvel). I det siste har eg smuglese litt skjønnlitteratur på lesesalen, særleg medan eg ventar på at kaffien skal bli ferdig om morgonen.

Desse bøkene fekk Kjersti Halvorsen til å grine, le, bli sint og tenkje.

Kva bok vart lesen til deg som liten?

Foreldra mine las mykje for meg då eg var liten. Eg likte godt Hobbiten, som far min introduserte meg for. Han leste også illustrerte barneversjonar av myter og segn og sånn, det var spanande. Elles gjekk det mykje i skandinaviske klassikarar som Anne Cath Vestly, Astrid Lindgren og Tove Jansson. Mor mi leste Harry Potter-bøkene for meg, dei gjekk eg etter kvart over til å lesa sjølv.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Tore Renbergs Mannen som elsket Yngve, og etter kvart dei andre bøkene om Jarle Klepp, var viktige for meg. På ungdomskulen heldt eg fransk-presentasjon om den boka, så om eg nokon gang dreg til Frankrike vil min språklege styrke vere å kunna konversera om den med dei lokale.

Eg las også Naiv. Super av Erlend Loe og hugsar det som ei veldig overrumplande og frigjerande leseoppleving som fekk meg til å tenkje at det finnast uendeleg mange måtar å skrive på, og at ein kan skrive akkurat som ein vil.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Vi er fem av Matias Faldbakken, som er utruleg velskriven og tett av morosame og tankevekkjande setningar, og svært underhaldande samstundes som den er uhyggeleg og rå.

Biletkunstnar Matias Faldbakken har hausta mange lovord for sine romanar. Kjersi Halvorsen skulle gjerne har skrive «Vi er fem». Foto: Foto: Dan Petter Nergaard/Omslagsdesign Richard Øiestad | KVNST Omslagsfoto: Professor J. Låg

Kva meiner du gjer ei bok god?

Eg trur det må vere at boka trekker i deg, at den har evne til å dra lesaren inn i bokas univers, logikk og måte å tenkje på. Språket eller «stemma» må ha litt eigenart. Eg vil også meine at bøker bør vere underhaldande, ikkje nødvendigvis i den forstand at dei får meg til å le (sjølv om det er eit pluss) men at dei vekker engasjement. Eg synest også det er eit godt teikn når bøker vekker alle slags kjensler i ein: trist, lyst, irritasjon, flau, latter og alt anna.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Det er så mange og på så ulikt vis at eg ikkje klarar å trekke fram nokon spesifikk her. Ofte er det vel sånn at ei bok eller ein karakter kan treffe ein på akkurat riktig tidspunkt i livet, og at ein kjenner seg igjen i situasjonen snarare enn karakteren totalt sett. Ei verkelig god bok kan ofte få lesaren til å føle ei form for identifikasjon eller nærleik med hovudpersonen nesten uansett.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Eg ville invitert Erlend Skjetne (som er aktuell med Vesaas-nominasjon for debutboka Skare, ei utruleg vakker og følsam diktsamling). Han er det alltid triveleg å slå av ein prat med, om litteratur og elles.

Kjersti Halvorsen ville gjerne invitert Erlend Skjetne, som òg er nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris på middag. Foto: Leikny Havik Skjærseth/Flamme forlag. Design omslag: Aslak Gurholt

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Det må bli Vigdis Hjorth. Bøkene hennar er alltid spanande, lett å kjenna att og treffande, samstundes som dei også ofte vekker frustrasjon. Ho skriv også om fenomen på ein utforskande måte, som får lesaren til å tenkje litt annleis om ting. Eg synest alltid eg lærer noko nytt og ser ting i nytt lys når eg les hennar bøker.

Boka di vert film – kven spelar hovudrolla?

Veldig gøy spørsmål!

Norsk film: Eg trur Sunniva Du Mond Nordal hadde gjort ei formidabel tolking av karakteren Ida, anten i film eller på scena. Som Aksel: Vetle Bergan.

Kjersti Halvorsen ser føre seg at Vetle Bergan og Sunniva Du Mond Nordal kan kle rollene som Ida og Aksel anten på scena eller lerretet. Foto: GT Nergaard/Trønedalg Teater og Teater Innlandet.

Som Hollywood-film: Elle Fanning som Ida (og kanskje Timothée Chalamet som Aksel?)

Forfattar Kjersti Halvorsen ser for seg at Elle Fanning frå filmen «Teen Spirit» og Timothée Chalamet frå «Little Women» kan kle rollene som ansvarlege Ida og Incel-Aksel. Foto: SF Studios/Sony pictures

Kjersti Halvorsen

Alder: 26

Frå: Lier

Yrke: Student

Aktuell med: Nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris for debutromanen «Ida tar ansvar».

Lesemengd: 38 bøker i 2019