I bokhylla: Forfattar Michael Rindahl vaks opp i ein heim utan bøker

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg les konstant, men færre bøker enn tidlegare; det skuldas nok at eg les meir nøye, og at eg bruker meir av tida på skrivinga, skriv Michael Rindahl på e-post til Framtida.no.

28-åringen frå Vesterålen debuterte i fjor med Gammelgresset, ein roman om ein godt vaksen einstøing frå Nord-Noreg. No kan han vinna Tarjei Vesaas’ debutantpris for si aller første bok.

Me har teke ein kikk i bokhylla til forfattaren.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Har ikkje nattbord. Men i skrivande stund, på den flekken eg har byrja å leggje bøker eg les i, ligg Krasznahorkais Seiobo der nede.

Kva bøker les du helst?

Moderne romanar, med språkleg nærvær.

Kor les du?

Eg er einig med Olav H. Hauge i at bøker ikkje eignar seg utandørs – og han hadde til og med eplehage. Så eg føretrekker å lesa heime, sittande oppreist.

«For øvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges» av Kyrre Andreassen lokka fram både tårer, latter, sinne og tankane hjå Michael Rindahl.

Kva bøker vart lesen til deg som liten?

Eg vaks opp i ein heim der bøker var fråværande, men det finst eit fotografi av at bestemor les ei barnebokutgåve av Mummitrollet for meg, då var eg tre år. Og no hugsar eg at bestemor pleidde å lesa for meg på senga når vi besøkte ho og bestefar, frå vekeblad, og ho las på ein særeigen måte, der stemma blei som eit levande objekt i halvmørkret, og eg lytta intenst til den utan å få med meg noko av innhaldet.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Eg oppdaga litteraturen for alvor då eg som syttenåring las The Road av Cormac McCarthy. Eg halta meg gjennom den, på mitt dårlege engelsk, men forstod nok til at eg byrja å grine av dei siste sidene. Så las eg den på nytt like etter, i Ofstad si fine omsetjing, og kom til slutten og grein igjen. Etter den romanen har verda sett annleis ut, eg trur fordi eg derfrå har betrakta den gjennom litteraturen.

Ei rekkje av klassikarane frå den prisløna amerikanske forfattaren Cormac McCarthy har vorte filmatiserte med stor suksess. Foto: David Styles

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Som den spirrevippen eg var som nitten-, tjueåring, hadde eg lyst til å kunne seie om meg sjølv, og meine, det som John Grady Cole seier i Alle de vakre hestene:

«Jeg har trøbbel du ikke har hørt om engang.»

Men han er nok den karakteren eg, fordi eg møtte han såpass tidleg i leselivet, i størst grad har gjenkjent nokre lengsler i meg sjølv hos. Trangen til å oppsøke landskap, viljen til det sentimentale.

Matt Damon spelte John Grady Cole i storfilmen «All the pretty horses» frå 2000. Henry Thomas (t.h) spelte rolla som Lacey Rawlins. ©Miramax Films

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Eg ser føre meg at Kafka, forutan å vere småspist, ville vore uforgløymeleg å ha ved kjøkenbordet.

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Det må vere den, av dei eg har lest, som er rikast når det kjem til språk, menneskelegheit, lufttrykk, vêr og stemningar: William Faulkner. Sjølv om det ville øydelagt språket mitt, og meg sjølv, igjen og igjen.

Boka di vert film – kven spelar hovudrolla?

Det kunne den berre blitt i en revidert versjon, og då med Ane Dahl Torp.

Her kan du lesa om Ane Dahl Torp som 20-åring:

– Eg hadde ikkje ynskje om å bli sånn famous eller noko sånn, men berre bli ein anerkjent og respektert skodespelar, fortel Ane Dahl Torp. Foto: Ragnhild Sofie Selstø

Michael Rindahl

Alder: 28

Frå: Vesterålen

Yrke: Tilsett på deltid i eit inntil nyleg statleg selskap.