Framtida.no søkjer sommarvikarar
Me søkjer etter idérike og engasjerte nyhendejournalistar og skribentar med god, nynorsk språkføring.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Framtida.no søkjer etter sommarvikarar som vil laga god og spennande journalistikk om politikk, miljø, utdanning og kultur for ungdom mellom 15 og 25 år.
Me søkjer etter deg som:
- har evne til å arbeida fram gode saker for unge mellom 15 og 25 år
- er god til å skriva og formidla for unge gjennom tekst og bilete
- er god på å samarbeida, har eit godt nettverk og arbeider sjølvstendig
- har gode allmennkunnskapar og følgjer med i nyhendebildet.
- meistrar foto, og gjerne video
- har god, nynorsk språkføring
Me tilbyr ein utfordrande jobb med stor fridom i eit lærerikt miljø – der du får høve til å utforska nye måtar å fortelja historier på.
Journalistisk erfaring på nett er ein klar fordel, men kan òg bli kompensert for gjennom ein kombinasjon av relevant utdanning og samfunnsengasjement, til dømes gjennom frivillig arbeid.
Sommarvikarane vil arbeida frå Oslo-kontoret vårt.
Arbeidsoppgåver: leita fram, skriva og formidla viktige nyhende og reportasjar for unge mellom 15 og 25 år.
Spørsmål kan rettast til Svein Olav Langåker, redaktør Framtida.no, telefon 94875365.
Søknadsfrist for alle utlysingane: send søknad snarast, og innan 1. mars.
Søknad med cv og gjerne nokre arbeidsprøver kan du senda til svein @ framtida.no
Framtida.no er den einaste riksdekkande nynorske nettavisa. Nyhende- og debattavisa for unge har kring 60-120.000 brukarar i månaden, og har hatt auke i trafikken sidan starten i 2010. Avisa har kontor hos ABC Startsiden i Oslo sentrum, og hos lokalavisa Sunnhordland på Stord. Framtida.no blir drive av Landssamanslutninga av nynorskkommunar i samarbeid med ABC Startsiden.