Musikkdagboka: MGP-Geirmund har aldri sunge i dusjen
Den første plata MGP-deltakar Geirmund Hansen (31) kjøpte sjølv var Thriller av Michael Jackson.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Geimund Hansen (31) frå Stavanger er ein av artistane som skal knivast om å representere Noregs ære i den internasjonale Eurovision finalen. Under artistnamnet Geirmund framførte han låta Come Alive under den første delfinalen i Melodi Grand Prix.
I musikkdagboka deler artisten og låtskrivaren musikken som har forma han:
Favorittsjanger:
Alt utanom danseband
Favorittband:
Nothing But Thieves
Første favorittlåt:
Thriller – MJ
Kva synest du i dag om musikksmaken din som tenåring?
Høyrde på mykje norsk musikk og ganske modent og nisjete. Bra!
Første album du kjøpte sjølv:
Thriller – MJ
Kva syng du i dusjen?
Har aldri sunge i dusjen. For opptatt med såpa.
Verdas beste kjærleikslåt?
I will allways love you – Dolly Parton
Kva låt skulle du ynskje du hadde laga?
Lover where do you live – Highasakite
Beste treningsmusikk:
Rendezvous Point 😉
Guilty pleasure:
Bare pleasures. Stryk ordet guilty frå ordboka
Verdas mest oppskrytte band/musikar:
Oh. DJ Khaled
Verdas mest undervurderte band/musikar:
Pål Rake
Kva for artist (levande eller død) ville du hatt privatkonsert og middag med i stova di?
Foo Fighters
Kva låt vil du ha i bryllaupet ditt?
Vi hadde Magic – Coldplay sunge av Marianne Engebretsen med litt omskriven tekst.
(Her kan du sjå Engebretsen framføra songen på The Voice-audition.)
Kva låt vil du ha i gravferda di?
Festival – Sigur Rós.