Dataspel er Noregs største eksportvare på kulturfeltet
Norske dataspel nådde i 2018 ut til heile 69 millionar spelarar verda over.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Norsk spelebransje omsette for 389 millionar kroner i 2018, ifølgje ein rapport frå Virke produsentforening. 377 millionar av dette var eksportverdiar, det skriv Stavanger Aftenblad.
Ifølgje ei samanlikning av kunst- og kulturfeltet frå speltidsskriftet PressFire er dataspel no Noregs største kultureksportvare.
Musikkbransjen omsette for nest mest, med 357 millionar kroner på den utanlandske marknaden.
Markus Malmo Lange, styreleiar i Spillmakerlauget, trekkjer fram Sarepta Studio på Hamar og Rain Games og D-Pad Studio i Bergen som eksempel på norske spelfirma som gjer det bra.
– Utviklingsfarten til den norske bransjen har auka veldig, både når det gjeld tal på spelefirma som blir starta, og kor mange som veks i storleik, seier Lange til Stavanger Aftenblad.
Les om arbeidskvardagen til Catharina (33) som er spelutviklar og dagleg leiar i Sarepta Studio:

Spelutviklar og dagleg leiar i Sarepta Studio, Catharina Due Bøhler, har sjølvsagt ein avatar som vert brukt i jobbsamanheng. Foto: Privat