Då eg var 20: Egil Olsen var nyforelska i ho som skulle bli kona hans

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Veldig mykje skjedde det året. Eg vann ein filmpris, eg hadde tre jobbar, kjøpte min første gitar og mitt første keyboard, skreiv mine første «ekte» låtar, hadde mine første konsertar og var nyforelska i kona mi. Ellers hugsar eg ikkje so mykje, det var Y2K da, alle var redde for at verda skulle kollapse – som vanleg.

Som 20-åring var Egil Olsen sivilarbeidar på ungdomshuset Kaihuset, og sidan han hadde vernepliktsbok og kunne ta buss til Oslo for 57 kroner, var han der ofte også.

Egil Olsen frå Ørsta har ein meir kjent namnebror i fotballtrenar Drillo, men er ikkje ei heilt ukjent stemme sjølv.

39-åringen er i desse dagar aktuell med dobbelplata Rare, der han har samla ei mengd coverlåter som spenner frå Vanilla Ice sin Ice Ice Baby til Upopulær frå filmen Kurt blir grusom.

Det er med andre ord passande med ein tur ned memory lane med den allsidige musikaren, som er denne vekas 20-åring.

Korleis var kvardagen?

Starta mellom anna videoverkstad på ungdomshuset og jobba som VOKT-arbeidar (vald og konfliktforebyggjande tiltak) på ungdomsskulen. I tillegg var eg sensor og haldt kurs i spesialeffektsminke på NISS i Oslo. Hadde også ein liten ekstrajobb på CD- og videoutleige-butikken i Ørsta.

Musikk og CD-plater var ein viktig del av kvardagen til Egil Olsen (20). Midnight Vulture av Beck, Fragile av Nine Inch Nails  og Daisies of the Galaxy av Eels er framleis favorittar.

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Sidan eg hadde tilgang på gratis leigefilm, såg eg film nesten kvar kveld.

Heilt på slutten av året før, kom både ‘Fragile’ av Nine Inch Nails og ‘Midnight Vulture’ av Beck, og blei ein stor del av kvardagen min. I tillegg kom Eels med plata ‘Daisies of the Galaxy’. Alle tre platene er framleis mine tre ganske likestilte favorittplater.

Lesemessig las eg mykje NME og Melody Maker det året.

Hugsar du 20-årsdagen din?

Ja, eg kom heim fra filmfestivalen Amandus i Lillehammer, der eg vann pris for beste fiksjonsfilm. Dobbel feiring! Vi gjekk rett av bussen og inn på ein pizzarestaurant i Ørsta sentrum og feira. Hugsar det utvikla seg til ein jam og eg lurer på om eg fekk ein skikkelig gamal gramofonspelar med han som dreiv plassen denne kvelden. Eg har den framleis. Kjempefin!

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Vanskelig. Det å vinne filmprisen, som blei utdelt av produsentlegendene Kathleen Kennedy og Frank Marshall, var sjølvsagt veldig stas. Men det å oppdage at eg kunne skrive songar og lage musikk hugsar eg som veldig magisk og overveldande.

Produsent Kathleen Kennedy er ingen kven som helst. Her er ho i 2018 då ho og mannen Frank Marshall fekk Irving G. Thalberg Memorial Award. Ho har jobba mykje med Steven Spielberg, mellom anna på E.T, Jurrasic Park og Schindlers liste. Dei siste åra har ho jobba med Star Wars-filmane The Force Awakens, Rogue One og The Last Jedi. Foto: Chris Pizzello/Invision/AP

Visste du kva du skulle bli i livet?

Eg var i utgangspunktet ganske sikker på at eg skulle bli filmskapar, og var på god vei, men akkurat dette året oppdaga eg også musikken for alvor og var ei stund ganske usikker på kva eg kom til å ende opp med. Men eg var 20, eg var ikkje bekymra. Det var berre spennande.

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

I løpet av dette året la eg vel grunnlaget for det eg har drive med sidan. Eg hugsar eg og musikarane eg hadde spelt litt med, hadde eit møte heilt på slutten av året, i romjula, der eg sa eg ville satse på å berre spele min eigen musikk. Eg fekk med meg trommisen vidare og laga bandkonseptet Uncle’s institution. Vi ga ut to EPar og to album og fleire singlar fra 2001-2005.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Eg hadde nok både rista litt på hovudet og klappa meg på skuldra.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Stå på. Et litt mindre smågodt.

Får du ikkje nok av Egil, les om då «Bare Egil» var 20 år og såg skumle teikn til at klimaet var i endring:

Foto til venstre: Kjetil Ree/Wikimdia Commons/CC BY-SA 3.0. Foto til høgre: Privat