Slik vil Twitter hjelpe deg å takle «trolling»
I 2020 vil Twitter la deg bestemme kven som kan svare på innlegga dine. Slik vil dei trygga brukarane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I løpet av 2020 vil Twitter-brukarar få moglegheit til å bestemme kven som skal få svare på oppdateringane dei legg ut.
Det melder danske Berlingske Tidene.
Panelsamtale
Den nye endringa inneber at brukarane får fire valmoglegheiter i det dei byrjar å skrive ei Twitter-melding. «Global» betyr at alle kan svare, «gruppe» betyr at berre dei du følgjer og dei som er nemnde i meldinga kan svare, «panel» inneber at berre dei som er nemde i meldinga kan svare, medan «uttaling» betyr at ingen kan svare.
Nyheita vart annonsert på verdas største forbrukarelektronikkmesse, Consumer Electronics Show (CES), som vert arrangert i Las Vegas.
– Me ynskjer å hjelpa brukarane til å føle seg trygge, når dei deltek i samtalar på Twitter, forklarar selskapet om dei nye innstillingane.
Endringane skal testast om kort tid og planen er at dei vert tilgjengelege for alle Twitter-brukarar i løpet av 2020.
The Verge-journalist Casey Newton trur endringane kan løysa mykje av
Twitter says you’ll have the option to receive replies *only from people you follow.* Could solve a lot of abuse and harassment issues in one fell swoop https://t.co/QNwkiwZH8Y
— Casey Newton (@CaseyNewton) January 8, 2020
Twitter-brukarar som hater kvinner
Twitter har i dag 145 millionar brukarar på verdsbasis, 30 millionar av desse bur i USA.
I 2018 kom Amnesty International med ein studie som viste at kvinner vert utsett for trakassering på Twitter kvart 30 sekund. Svarte kvinner og kvinner med minoritetsbakgrunn var særleg utsett.
Allereie i dag har Twitter-brukarar moglegheiter for å skjule eller blokkere brukarar. Ein kan også rapportere hatefullt innhald til Twitter.
President Donald Trump er blant dei som har blokkert følgjarar på Twitter, men i 2018 slo ein amerikansk domstol fast at presidentens praksis bryt med den amerikanske grunnlova.
Dommen vart anka, men heller ikkje i andre runde fekk presidenten medhald.