Dei 6 tinga eg irriterte meg mest over i the 10’s


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Endeleg er det eit nytt tiår, og dette blir det første tiåret eg går inn i som eit halv-vaksent menneskje.

Eg har altså vakse opp på 2010-talet, og i løpet av desse åra har eg utvikla irritasjon som eit sterkt personlegdomstrekk. Dette er kanskje noko eg burde ha som nyttårsforsett å fjerne, men eg lovar å slutte å vere irritert når ting sluttar å vere irriterande.

Her er altså dei tinga som irriterte meg mest frå 2010 til 2019.

Profilbilete på Facebook

Som tenåring, var ein av dei viktigaste popularitetsfakturaane tidleg på 10-talet, kor mange likarklikk du hadde på profilbilete ditt på Facebook.

Dersom du hadde 40 var du ganske ok, hadde du 100 var du ok, og hadde du 200+ så var du populær.

For ikkje å snakke om kommentarfelt-kulturen på desse bileta. Her var det ikkje berre å like biletet, du skulle helst skrive noko som:

Og då var det norma at mottakaren skulle svare noko som dette:

Når eg tenkjer meg om, er eg er kanskje meir bitter over at eg aldri fekk vere ein del av denne kulturen, enn eg faktisk er irritert over fjortis-Facebook.

Eg begynte 2010-talet med å grine over at eg fekk 25 likes, fann på midten av 10-talet ut at å få 250 likes ikkje gjorde meg lykkeleg, og slutta tiåret med å byte profilbilete-innstillinga til at det ikkje gjekk an å like bilete.

Personleg utvikling.

Ombré

Eg veit at dette er veldig subjektivt, men sjølv den dag i dag blir eg småkvalm av ombré. Eg veit heilt ærleg ikkje kvifor, men det var noko som aldri appellerte til meg.

No er ikkje eg ein som burde kritisere andre sine hårval, for eg har hatt minst fem netter dette tiåret kor dei mentale samanbrota mine har fått meg til å skamklippe meg sjølv. Men eg farga i alle fall aldri ombré.

Slanketips på framsida av aviser

På starten av 10-talet hadde eg ein viss respekt for aviser og media, fordi det var faktisk ein forskjell på sladderblad og nyheitsjournalistikk. Eg hadde faktisk, til og med, lyst til å bli journalist ei stund.

Det er over, og den siste skikkelege avisa me hadde blei nettopp kjøpt av Equinor, og eg klarar ikkje meir.

Skjermdumpar frå høvesvis Dagbladet.no (dei to første) og VG.no frå onsdag 8. januar 2020.

Kor lenge skal eg kunne stå i kø på butikken og lese scam-slanketips på framsida av VG? Kor lenge skal ungane på 6 år få gjere det samme?

Skal me verkeleg legge ut desse avisene og blada på fleire lege- og psykologventerom og fortsatt lure på kvifor folk slit med sjølvbiletet? Nei, veit du kva.

Bilete er tatt på venterommet på DPS i Haugesund, kor eg gjekk til psykolog for å få behandling for eteforstyrringa mi og kompleksa mine med at eg aldri klarte å kjenne meg bra nok.

Same-kulturen

Nei, eg meiner ikkje same-kulturen som i urfolket vårt. Eg meiner same-kulturen som i at kvar gong ein prøvar å fortelje noko til nokon, så køyrer dei på med det engelske uttrykket «same».

Eg veit ikkje kva som feiler folk, men før eg blei bevisst på det så feila det meg óg. Når nokon deler noko fint eller vondt om livet sitt, så er ikkje det ein open invitasjon for at du skal reise deg og fortelje om deg sjølv.

Nei, når nokon snakkar så er jobben din å lytte – med mindre dei spør deg om noko. 

Fråværsgrensa

Året eg begynte på vidaregående blei fråværsgrensa innført. Dette gjorde at eg fekk minst tre varsel i året om at eg heldt på å stryke i fag, berre fordi eg hadde vore to timar vekke – og for å vere ærleg påverka det ikkje noko anna enn stressnivået mitt.

Eg seier ikkje at det var INGEN den funka for, eg seier berre at eg ikkje kjenner nokon den funka for, og at eg kjenner veldig mange folk.

Stortingspolitikarane

Eg veit ingenting om korleis det var før, for eg blei fødd i går, men etter kva eg har observert dei siste ti åra, har eg blitt båe redd og irritert. Gjennom avisene har eg lese sakene, og gjennom jobben min har eg møtt mange politikare i båe lokalt og nasjonalt miljø, samt mange i neste generasjon.

Det eg har forstått er at mange går inn i politikken fordi dei ynskjer ei politisk karriere, ikkje fordi dei faktisk ynskjer å forandre noko.

Det er sikkert kult å fly på business class, og sitje på Stortinget, men når du fyrst an sit der på stolen din – kva skal du gjere der? Er du der for å tale di sak, eller er du der for å vere representant for vår stemme og våre meiningar?

(P.S.: Bjørnar Moxnes, dette gjeld ikkje deg, eg elskar deg xoxoxo)

Det har vore noko fint på 10-talet også. Som for eksempel då Disney begynte å gje ut filmar kor dei kvinnlege karakterane hadde personlegdom, og då homofilt ekteskap blei lovleg fleire stader. Reaksjonane våre på urettferd har eskalert, og det blir lagd mykje kul og utfordrande kunst og musikk! Fidget-spinnare var ikkje noko eg hata, og så likar eg godt at ting blir meir trådlaust.  

Eg håpar at 20-talet blir ei tid kor folk kan vere seg sjølve (så lenge dei ikkje fargar håret ombré, for nokon grenser må me ha). 

Og med det ynskjer eg 2020 velkommen!

Alle illustrasjonar i kåseriet: Linn Isabel Eielsen