Nordmenn har nest høgast personleg forbruk i Europa

Nordmenn held seg i den europeiske forbrukstoppen. Berre i Luxembourg har innbyggjarane eit høgare personleg forbruk enn her i landet.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nordmenn hadde i 2018 mellom 8 og 18 prosent høgare forbruk enn dei nordiske grannane våre, og vart berre slått av innbyggjarane i Luxembourg, viser den europeiske kjøpekraftundersøkinga som Eurostat gjennomførte i fjor og som blir omtalt av Nettavisen.

Medan luxembourgarane hadde eit personleg forbruk på 34 prosent over gjennomsnittet i EU, låg nordmenn 26 prosent over.

Mindre på alkohol og tobakk, meir på kultur

Forholda fell saman med dei som kom fram i kjøpekraftundersøkinga for 2017. Nordmenn brukar mindre enn andre EU- og EØS-land på restaurant og hotell, og alkohol og tobakk, men betydeleg meir på rekreasjon og kultur enn gjennomsnittet i EU.

Luxembourgarane hadde i 2017 eit personleg forbruk på 32 prosent over EU-snittet, medan nordmenn låg 27 prosent over.

– I eit klimaperspektiv er det galskap at staten subsidierer reklameindustrien, seier Freddy André Øvstegård, som vil ha svar frå finansministeren på kor mykje bedriftene får i skattelette for reklameutgifter.