«Er verkeleg den største gleda du kan ha, å gjere andre glad?»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Du stirrar inn i augo til personen framfor deg. Dei er intense, og ville. Du ser noko i dei du ikkje heilt klarar å plassere. Er det begjær? Er det den same lengselen, som du sjølv kjenner? «Du kan ta det siste kakestykket, eg vil ikkje ha det,» seier du. Inni deg skrik du. SJØLVSAGT vil du ha kakestykket!

Du har sikkert høyrt det, ordtaket; flittig brukt av foreldre landet over. Dei få orda Mikael Aksnes skreiv i 1904, som skulle kome til å påverke ein heil nasjon

Den største gleda du kan ha, er å gjere andre glad.

Stemmer dette alltid?

Sjølvsagt er det viktig å bry seg om andre, men kanskje ikkje alltid i like stor grad. Skal me verkeleg leva livet vårt etter eit ordtak, knytt til glorifisert sjølvoppofring? Sjølv om du gjerne vil ha det kakestykket, skyv du lengselen vekk til fordel for ein annan. Same kor trist det gjer deg; du veit at du glede andre.

Det dårleg samvitet

Sjå føre deg at du er trøytt og sliten etter ein lang dag, og helst berre vil krype under dyna og bli der resten av kvelden. Men så. Brått tikkar det inn ein melding frå veninna di, ho er heime og har det utruleg keisamt, og lurer på om du kan komme og hengje litt med ho. BAM. Etisk dilemma, rett i fleisen. Kva hadde du gjort?

Du vil jo sjølvsagd glede veninna di, men du kjenner på deg at du ikkje orkar å vere med nokon akkurat no. Det er det absolutt siste du vil. Likevel, ein skal GLEDE ANDRE, hugsar du, til din store misnøye.

Dersom dette uttrykket hadde vore utrydda, hadde du ikkje sete att med dårleg samvit dersom du takka nei til eit slikt tilbod. Du hadde ikkje vorte overvelda av knusande skuldkjensle, men heller pusta letta ut og kost deg.

Frå generasjon prestasjon til generasjon depresjon

Ifølgje Folkehelseinstituttet er 12 prosent av befolkninga i Noreg deprimert til ei kvar tid. Streben etter å setje andre sine behov fyrst, har gjort generasjon prestasjon om til generasjon depresjon. Kvifor trur dykk at det er slik?

Kanskje det er på grunn av at me frå barndomen av, i eit forsøk på å lære kva som er rett og gale, heller har blitt lært opp til å ikkje prioritera vår eiga lykke?

Personleg helvete

Denne konstante gleda av andre fører deg, før du veit ordet av det, inn i ditt eige personlege helvete, og du er ikkje åleine. Store delar av befolkninga i usjølviske Noreg, lid.

Me må byrje å tenkje meir på oss sjølve

Me må byrje å tenkje meir på oss sjølve, og då hjelper det ikkje at enkelte brukar nemnde ordtak, heilt manisk. Mange kjenner sikkert til såkalla self love, som fleire snakkar om i 2019. Du er ditt livs største kjærleik, så bør du ikkje byrje å behandle deg sjølv litt betre? Sett dine eigne prioriteringar fyrst, og ikkje brenn deg sjølv ut berre for å glede nokon andre.

– Et kakestykket ditt!

Men, det er jo frekt? tenker du kanskje.

Ja, dersom du hadde blødd og eg ikkje gav deg plaster, hadde det vore frekt. Men er det frekt å ta seg tid til å pleie seg sjøl? Tid til litt sårt trengt eigenpleie? Er ein frekk, dersom ein skyv små bagatellar til side for å heller fokusere på eit livslangt forhold, det du har med deg sjølv?

Psykolog og gledeforskar Ragnhild Bang Nes, hevdar at «Lykke er smittsamt». Dersom du, etter ein heilt forjævleg dag, tek det siste kakestykket, eller blir heime under dyna, kan dette løfte humøret ditt fleire hakk. «Qu’ils mangent de la brioche» sa Marie Antoinette ein gong, som på norsk tydar «La dei ete kake». Difor sei eg, et kakestykket ditt, elsk deg sjølv ubetinga, og kjenn på ekte glede.