Monarkist? Anakronist!

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ofte kjenner eg meg som den personen i Noreg som bryr seg aller minst om konge­familien, og det seier eg ikkje for å tøffe meg. Det kan vere ganske einsamt. Men eg kan vel ikkje vere den einaste som ikkje bryr seg, for elles hadde me vel skifta statsforfatning for lengst. Eg går iallfall ut frå at det er apati og desinteresse, og at det liksom aldri passar å avvikle det, som gjer at me stadig held oss med monarki?

Når ein tenkjer over det, så er det jo heilt skrullete at me har eit kongehus, symbolsk eller ei. Det passar fint inn med ein konge i Ringenes herre og i Reisen til julestjernen, men i Noreg i 2012? På fine dagar spaserer eg faktisk gjerne ut til Bygdøy. I eit kryss ligg Kongsgården. Kvar gong eg kjem dit, føresteller eg meg scener frå folkeeventyret «Gjete kongens harer» utspele seg på bakkane rundt meg, og ventar at kongen kva tid som helst skal kome ut og skjere tre raude reimar i ryggen min, strø salt og pepar i såret og pælme meg i ormegarden. Monarkiet er anakronismen over alle anakronismar.

Argumentet mot monarki som styreform i Noreg er enkelt og greitt: I eit moderne, opplyst og sivilisert samfunn lèt me ikkje posisjonar – eh, kanskje særleg ikkje posisjonen som statsoverhovud – gå i arv, gjer me vel? Sjølv monarkistane vedgår at det er vanskeleg å argumentere mot noko slikt. I staden har dei ei rekkje milde, venlege «ja, men»-argument, slik som:

1. «Monarkiet fungerer så godt.»

Ja ha – kva er det som fungerer så godt, om eg tør spørje? At kongefamilien klarer å halde seg oppreiste? At dei klarer å trippe frå ein båt og over til land? Dei fungerer godt berre dersom ein har urimeleg låge forventningar til dei. Me oppfører oss som foreldra som hardnakka påstår at det var eit meiningsberande ord når babyen lagar ein lyd. NB! Ikkje frekt meint!

2. «Dei er så flinke til å representere oss. Næringslivet i utlandet segnar nesten om av lykke ved synet av den norske prinsessa Mette-Marit!»

Ja, det er dei same maskotfetisj-folka som ville få stjerner i augo av å møte isbjørnen Knut og blekkspruten Paul.

3. «Dei er jo så greie å ha med å gjere.»

Ja, det er eg samd i, iallfall Harald. Men dei er òg representantar for det gamle eineveldet, pluss at dei kostar oss om lag 300 millionar i året.

4. «Me treng litt pomp og prakt, glamour og eksperimentelle hattar og kjolar i dette nitriste pottitlandet.»

Ja – då eg overvar den høgtidlege opninga av Stortinget i oktober, syntest eg det på same tid var både urkomisk og heilt fantastisk då kongeparet trava inn i salen saman med adjutantane sine, det skal eg vedgå. Men først og fremst på grunn av eksotismen: Det var som om ein papegøye brått skulle kome flygande inn i ein stille og grå lesesal.

5. «Slapp av, det er jo berre symbolsk. Kongen har inga reell makt.»

Veeel, under forhandlingane som resulterte i kyrkjeforliket i 2008, var vedkjenningsparagrafen (Gr. paragraf 4: «Kongen skal stedse bekjende sig til den evangelisk-lutherske Religion, haandhæve og beskytte denne.») oppe til diskusjon i 2008. Då kalla Kongen inn dåverande kyrkjeminister Trond Giske til ekstraordinær audiens og befalte han å behalde paragrafen. Over hans lik at han ikkje skulle få behalde religions­tvangen sin! Og Giske bøygde av. Medan resten av landet har religionsfridom, bestod paragrafen, og Kongen og alle hans etterkomarar må anten vedkjenne seg å ha blått kristenmannsblod eller abdisere. Eg gidd ikkje slengje på ein vits om den utvida forståinga av den luthersk-evangeliske trua blant visse familiemedlemer, dersom nokon ventar på det.

6. «Ein treng ein samlande figur for heile landet som ikkje er politisk, og særleg i krisetider.»

Ja, dette er eit godt argument, det såg me til gagns sist sommar. Når folk søkte trøyst i kyrkja og ikkje i eit grupperom med blinkande lysrøyr hos Human-Etisk Forbund, er det ikkje nødvendigvis fordi dei er så veldig kristne, men i ei krise treng ein noko fast og stort og gammalt, alvorleg og trygt. På same tid gjer det meir inntrykk og gir kanskje meir trøyst at Kongen (ein kan vere så republikansk ein berre vil: Kva er vel større enn «Kongen») stig fram som elgen i Hakke­bakkeskogen og uttrykkjer sorg på vegner av landet og på vegner av seg sjølv. Det blir ikkje det same om til dømes stortingspresidenten gjer det – sorry, Dag-Terje.

Ei anna sak: Monarkiet bryt med artikkel 1 i Menneskerettsfråsegna, som slår fast at alle menneske er fødde frie og med same menneske­verd. Som alle normale barn skreiv eg brev til Slottet då eg var lita og bad om å få Kongens autograf. Eg fekk eit svært venleg brev av tjukt, fint papir tilbake frå dåverande kabinettsekretær Magne Hagen, der han hadde lagt ved heile fire fargefotografi av kongefamilien, men han måtte beklage: Kongen skreiv ikkje autografar. Nei vel? Det gjekk fram av brevet at det var fordi Kong­en på sett og vis var heilag og dermed avskoren for kontakt med allmugen, eg førestelte meg ei usynleg hinne mellom fjørpennen hans og pergamentet som det ville vere katastrofalt å bryte: Kongen ville bli til stein dersom han gav frå seg autografen sin til undersåttane.

Og ganske riktig: Kongen er heilag. Grunnlovsparagraf 5 er slik: «Kongens Person er hellig; han kan ikke lastes, eller anklages. Ansvarligheden paaligger hans Raad.» Ja vel. Kvifor vil me ha ei grunnlov der ein vaksen mann blir umyndiggjord? Kvifor ønskjer Kongen det sjølv, dersom han då gjer det? Det går nesten ikkje an å tenkje seg at Kongen ikkje på eitt tidspunkt har stått opp ein morgon, sett seg rundt og tenkt: «Nei, fytti grisen. Eg abdiserer.» På dei gode og informative nettsidene til kongehuset (på begge målformer om kvarandre! Å nei, tenk om denne kritiske teksten vil hindre meg i å bli tilsett som nynorskpraktikant ved Slottet!) har dei lagt ut ei liste med forklaringar av ord og uttrykk som er i bruk i samband med kongehuset, men «abdisere» står ikkje på lista.

Nesten årleg føreslår SV å avskaffe monarkiet og blir nedstemt i Stortinget. Det er prisverdig at dei gidd å vere så prinsipielle, men kanskje litt skuffande at dei i same slengen seier at «eg er republikanar av prinsipp, men meiner at Kong­en er folkevald» (Kristin Halvorsen på Skavlan), og føreslår at kong Harald eller kronprins Haakon gjerne må bli president! Hundreårets kompromiss! Tenk på eit namn, liksom. Dersom det er slik at me kan velje heilt fritt, ønskjer eg meg Kari Slaatsveen eller Knut Borge som president (men ingen andre frå «20 spørsmål»).

Men ein annan ting: Må me på død og liv ha ein president dersom me kvittar oss med monarkiet? Kan me ikkje berre ha det slik som me har det no, det er jo så triveleg med statsminister og storting? Kvifor må me absolutt få inn ein eller annan sleisk fyr med bleikte tenner som skal vere presidenten vår? Eg ringjer alle monarkimotstandarars far, Trond Nordby, professor i statsvitskap og mannen som uttala «Eg skal gjere kronprinsen til republikanar i løpet av ein dobbelttime», då Haakon Magnus begynte på statsvitskap. Han løftar røyret før eg har slått siste sifferet.

– Nei, nei, me treng ikke det. Dersom presidenten berre skal vere gallionsfigur, kan me like godt la det vere, seier Nordby. – Eg meiner me kan fordele Kongens oppgåver på statsministeren, utanriksministeren og stortingspresidenten. Men eg har eigentleg slutta å svare pressa på dette, det blir så mange gjentakingar.

Så begynner han å snakke, og han snakkar så fort, og eg er så oppteken av å vise at eg følgjer med, at eg ikkje greier å følgje med. Eg høyrer berre brotstykke:

… I ei stortingsmelding i … og då svinga dei partipisken … Hardanger og Narvik … I 1965 … Kva heiter ho der Titten Tei? … I Finland i 1999 … og då føreslo eg at vi kunne byte ut løva med fjordingen, han har kort og sterk rygg og er kjønnsnøytral … Finnish Constitution … og du veit vel kva det betyr … første forslagsstillar … bryt med folkesuverenitetsprinsippet … september 2012 … Gunnar Knudsen … 2007 … Han liknar på faren til Albert Åberg for øvrig.

Ja, han er det sjølvsagt! Kong Harald er heilt lik på far til Albert Åberg!

– Har du fått svar på det du spurde om no?

– Eh, ja, eg trur kanskje det.

– Ja ja, elles presenterer eg meg gjerne som ein enkel mann frå Finnskogen. Då Mette-Marit og Haakon Magnus skulle gifte seg, var eg i P4 for å svare på spørsmål frå innringjarane. Ei av dei som ringde inn, sa: «Dette blir berre skvalavatn.» Det syntest eg var ganske godt sagt.   

Samd. Og konklusjonen er i alle høve at det er fint muleg å kvitte seg med monarkiet utan å måtte få inn ein president. Berre slik me har det no, minus kongehus. Det er gjort i ein fei. Å nei, så keisamt, vil dei fleste tenke, får me ingenting nytt? Niks, ingenting, dei 300 millionane kan me bruke til å pusse opp skular. Veldig kjipt, eg skjønar det, men slik er eg blitt av å fordjupe meg i politikk: kjip.

Noko anna som vekkjer ubehag, er dette at kronprisparet har så mange mektige vener. Jonas Gahr Støre med frue, til dømes. Ganske ekkelt når ein tenkjer på den store aldersforskjellen. Kva kan vel dei ha å prate om? Og den før nemnde Trond Giske. Eg ser tydeleg for meg korleis dei går på Egon og et pizza og går og bowlar etterpå og sit slik:

Jonas: (til Trond) Du er Chandler!

Trond: Nei, du er Chandler!

Haakon Magnus: Kven er eg då?

Alle: Du er Ross.

Mette-Marit: (ivrig) Eg då, kven er eg? Phoebe?

Trond: Nei, du er Rachel …

Min nye ven professor Nordby var heldigvis samd: «Det er en kvasi-adel … overklasse … toppene trekker sammen …» fekk eg med meg at han sa. Giskes dømmekraft forverra seg ytterlegare etter vedkjenningsparagrafen då han som nærings- og handelsminister i 2010 sette ned ei gruppe av unge leiarar som skulle «dele erfaringar og kunnskap om ulike utviklingstrekk for norsk næringsliv». Blant dei unge leiarane var Haakon Magnus, som etter massiv kritikk trekte seg.

Det einaste som er trist med å vere imot monarkiet, er at eg atter ein gong meiner akkurat det same som det er meininga at eg skal meine. Sjå berre kva Carl Erik Grimstad og Erik Dalen skreiv i Samtiden i 2005, nemleg at «fra å være en innadvendt, nasjonalistisk, bygdeorientert bevegelse har norsk republikanisme endret seg til å bli et urbant, akademisk, elitepreget, sekulært fenomen: et pastaspisende, intellektuelt, humanetisk korps av kaffe latte-drikkende, middelaldrende, ukebladfiendtlige P2-lyttere».

Det skildrar mi eiga utvikling i livet til punkt og prikke. Eit meir perfekt samanfall skal ein leite lenge etter. Eg har gått frå å vere innadvendt, nasjonalistisk og bygdeorientert til å høyre på P2 frå sju til sju kvar einaste dag medan eg kjem med føreseieleg vekebladkritikk til alle som vil høyre. Eg er ein personifikasjon av Den Norske Republikanismen. Så kvifor ikkje berre stå løpet heilt ut. Med dette føreslår eg følgjande: ei folkeavstemming om å innføre republikk den 16. mai 2014, på dagen 200 år sidan Grunnlova blei vedteken på Eidsvoll. Det stemmer: Det som me feirar den 17., er nemleg at Christian Frederik blei vald til konge, ein ekkel fyr med verdas største kameltå. Godt val!  

Les saka i Dag og Tid!