Pensjonistpartiet vil starte ungdomsorganisasjon
Pensjonistpartiet i Trøndelag opplyser at partiet til våren vil starte ein prosess med å etablere ein landsomfattande ungdomsorganisasjon.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi startar i Trøndelag, men vil til våren få etablert ein landsomfattande ungdomsorganisasjon, heiter det i ei pressemelding signert gruppeleiar Svein Otto Nilsen i Pensjonistpartiet i Trøndelag.
Les også: Valforskar: – Det har lenge vore vanskeleg for norske parti å få unge politikarar til å stille
Vil vera med på skuledebatt
Årsaka til at partiet vil starte ein ungdomsorganisasjon er ei tilråding frå Utdanningsdirektoratet om at berre ungdomsorganisasjonar bør kunne stille i debattar i samband med skuleval.
Dette vil i så fall hindre Pensjonistpartiet, som i dag ikkje har nokon ungdomsorganisasjon, i å delta i skuledebattane.
Les også: Ann-Christine er 24 år og politisk nestleiar i Pensjonistpartiet på Askøy