Då eg var 20: Eldar Vågan selde 100.000 plater med Vazelina Bilopphøggers

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg var mange stader, for eg spelte i rockeband eg, ler Eldar Vågan.

Året var 1980 og bandet Vazelina Bilopphøggers var blitt jobben til 20-åringen. Han flytta på ein liten hybel på Gjøvik og tida gjekk med til å øve og reise på spelejobbar.

Ville provosere, folk flira

Den unge musikaren som er hjernen bak Vazelina Bilopphøggers freista å provosere, det kom difor som ei overrasking då folk «byrja å flire».

– Det høyrer saman med rockemusikken, at det skal provosere litt. Men då fekk eg ta meg saman slik at det vart endå meir artig på neste jobb. Ein får alltid lyd i mikrofonen, seier Vågan, som raskt omfamna imaget.

Gutane i Vazelina Bilopphøggers fekk platekontrakt etter å ha kome til finalen i NM i rock og allereie same året kom albumdebuten 24 timers service.

– Me selde 100.000 album med alt det som høyrer med det. Då måtte me plutseleg byrja med spelejobbar og det var bra betalt, men då måtte du jo ha noko å melde, seier Vågan.

Gi meg fri i kveld var den første singelen til Vazelina Bilopphøggers: 

Legg Vazelina på hylla

20-åringen kjente seg privilegert på grunn av suksessen og fekk mange nye kameratar.

Vågan forklarar at det å ha lidenskapen sin som yrke er på både godt og vondt.

– Du er eigentleg aldri heilt nøgd og du er eigentleg på jobb døgnet rundt. Det alltid nye prosjekt, nye låtar og tekstar.

I 2020 fyller Vazelina Bilopphøggers 40 år og feirar med ein utseld avslutningskonsert og ekstrakonsert i Oslo Spektrum. Då legg Vågan eitt prosjekt på hylla som har følgt han i 40 år, men lovar å halde fram med å opptre.

Tenkte på familie

Musikaren frå Østre Toten vart tidleg krøka og spelte musikk allereie frå fireårsalderen. Han spelte piano og cello og skulle bli klassisk musikar, men det var før han oppdaga at det var i popmusikken pengane var.

Frå han var 16 spelte Vågan i band og ikkje lenge etter var han eit kjent fjes over heile Noregs land.

Men trass i at karrieren var godt i gang var han ikkje sikker på kva han skulle bli i livet.

– Hugsar du kva du tenkte om livet og framtida?

– Eg tenkte vel som alle andre på 20 år om familie og så vidare, svarar Vågan.

Vågan og bandet Baiage under NM i rock anno 1979:

Feira med eventyrbrus

– Hugsar du 20-årsdagen din?

– Ja, det var ein laurdag meinar eg å hugse. Me hadde spelt konsert og så feira eg med ei eventyrbrus, seier 59-åringen.

Han kan ikkje hugsa at han vart gjort noko ekstra stas på frå scena.

– Nei, me var jo 20 år, så me var ikkje så nøye på slikt.

Høgdepunktet var då han og bandet spelte for eit fullsett Chateu Neuf.

– Det er ikkje mange som gjer det, kommenterer Vågan.

– Ein trur ein veit alt

– Kva ville du tenkt om du møtte deg sjølv som 20-åring?

– Eg hadde vel tenkt at det er ein glad gut, men det er ikkje alt eg gjer som er like smart. Særleg når det er lidenskap inne i biletet, er det ikkje alt som er like smart, men det er veldig moro. Det hjelper å øve og førebu seg, men ein er ikkje så nøye på å førebu seg når ein er 20 år gamal. Ein trur ein veit alt. Ein gjer jo ikkje det, men det er det som er litt ålreit òg.

– Kva råd ville du gitt deg sjølv som 20-åring?

– Eg hadde sagt at eg måtte førebu meg litt betre. Det hadde spara meg for mykje klunder.

Les også: Då eg var 20: «Bare Egil» såg skumle teikn til at klimaet var i endring

Foto til venstre: Kjetil Ree/Wikimdia Commons/CC BY-SA 3.0. Foto til høgre: Privat