Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han er ung og har framtida føre seg, men kjenner seg mislukka og åleine. Medan andre unge ser ut til å lukkast med å finne kjærleik og sex, får han sjølv ikkje oppleve nokon suksess på kjønnsmarknaden.

Han er ein figur samfunnet stadig får høyre meir om. Han er ein incel. Han ber på ein djuptgåande frustrasjon over ikkje å vekkje åtgaum hjå kvinner. Overlaten til si eiga einsemd søkjer han fellesskap med andre i same situasjon på verdsveven.

Han ber på ein djuptgåande frustrasjon

Her finn dei kvarandre, ei gruppe unge menn som er opptekne av kvifor dei er miserable og ikkje har tilgang til sex.

Ved hjelp av ei rekkje omgrep dei sjølv har laga eller snappa opp frå Internett,  populærkultur og medisinsk ordbok, freistar dei å gjere greie for kvifor dei sjølv kjem til kort, medan vellukka menn, såkalla Chads, og kvinner generelt, ikkje slit på same måten med å finne seg ein partnar, grunna høgare «seksuell marknadsverdi» (jamfør incel-termen SMV).

«Incels» høyrer til ein sub-kultur ein finn i ulike fora og såkalla chan-miljø på nettet. Ordet incel er ei avstytting av «involuntary celibate», eller ufriviljug sølibat på norsk.

Ein av dei som interesserer seg for incel-fenomenet, er psykolog, forfattar og TV-personlegdom Peder Kjøs.

– Om du er nokolunde sosialt veltilpassa, melder du deg ikkje inn i incel-miljøet. Det vert ein stad å samle seg for dei som fell utanfor og ikkje har det så godt. Dei som har eit alternativ, vel ikkje den fellesskapen, seier Kjøs til Framtida.no.

– Kom deg ut av hola di

– Ein må ta ansvar sjølv og ikkje dyrke ulukka. Det kan høyrast hardt og avvisande ut, men det er meint som eit godt råd, seier den norske psykologen.

Kjøs sine ord høyrest kanskje kjende ut for somme. Han vel om lag dei same orda som den mykje omtala kanadiske psykologiprofessoren Jordan Peterson.

Peterson er mellom anna kjend som føredragshaldar og forfattar av sjølvhjelpsboka 12 Rules for Life: An Antidote to Chaos frå 2018, som har skapt blest blant mange unge menn. Han har også fått motbør for det kritikarane hans ser på som anti-progressive haldningar.

Jordan Peterson er ein kanadisk forskar og klinisk psykolog som har skapt mykje debatt dei siste åra. Foto: Gage Skidmore, CC BY-SA 2.0-lisens

Peder Kjøs påpeikar at mange incels les Jordan Peterson, men berre plukkar ut dei utsegnene som samsvarer med ein incel sitt verdsbilete.

– Eg tenkjer at dei ikkje les han så godt, for hans hovudbodskap er jo at du må ta grep om eige liv og rydde opp i eige hus. Om dei hadde lese han ordentleg og ikkje berre brotstykke frå det han seier, ville dei funne ut at deira eigen profet seier akkurat det same som eg. Kom deg ut av hola di, prøv å interessere deg for andre menneske, slik at dei vert interesserte i deg. Ikkje sit på nettet og dyrk sjølvmedkjensla, seier Kjøs.

– Alle har dårlege sider, og alle kan verte frustrerte, men me må ikkje gje opp. Særleg er det å interessere seg for andre menneske viktig. Det same gjeld når ein skal ut på byen. Du har dei som dreg ut for å kose seg og ha det hyggeleg, som vil ha ein mykje større sjanse for å verte med nokon heim enn dei som dreg ut eine og åleine for å få sex, legg psykologen til.

MGTOW-logoen. Foto: Wikipedia

Eit usunt narrativ

Incel-fenomenet kan ofte knytast til eller overlappe andre nettgrupperingar som fører eit strengt kvinnesyn, eller som hyser motvilje mot alt frå politikarar til feministar, etniske eller seksuelle minoritetar. Døme på dette er den alternative høgresida (alt-right) og mannegrupperingar som MGTOW (menn som går deira eigen veg).

Ein fellesnemnar for mange av desse nettbaserte subkulturane er at dei nyttar ei rekkje omgrep som har utvikla seg i dei mørke hyrna av nettet i laupet av dei siste tiåra.

Døme på dette er det ein kan kalle for «pille-tankegang», som har sitt opphav frå den første Matrix-filmen (1999), der protagonisten Neo står overfor valet om å take den blå pilla og bli verande i draumeverda, eller take den raude pilla og steppe ut av illusjonen.

Kort fortalt representerer den blå pilla ignoranse, naivitet og ei tildekking eller finpynting av røyndomen. Den raude pilla representerer det motsette, og legg ofte dei harde og uliklege fakta om korleis ting verkeleg er, på bordet.

Slike tankar leikar dei seg med i radikale miljø på nettet, og her kjenner incels seg heime. Men i motsetnad til andre mannegrupper som sver til den raude pilla, har incels dei siste få åra hatt den svarte pilla som sitt mantra – ei raud pille som har vorte vonlaust dyster, med eit mørkare, meir fatalistisk og irreversibelt innhald.

Trugsmål mot kvinner og Chads – altså vellukka menn – førekjem rett som det er

Det er i stor grad semje innan mannesfæren (manosphere) om at kvinner er hypergame av natur – altså at dei «datar oppover». Raudpillarar (MGTOW, MRA osb.) trur dei kan gjere seg sjølv meir attraktive for kvinnekjønnet ved å bøte på mogelege kroppslege skavankar og heva seg i økonomisk og sosial status, samt å læra seg nokre smarte sjekketriks. Incels derimot, vil skulde på genetiske føresetnader som avgrensar endringsrom og forsterkar kjensla av å kome til kort.

Incels nyttar desse omgrepa for å forklare samspelet mellom kjønna, kvinnenaturen og eige nederlag andsynes fruktene av kjærleik og kjønnsleg hopehav. Når dei opplever tap og nederlag, er den svarte pilla «løysinga», då er alt von ute. Vonløysa kan òg råke andre som ferdast på verdsveven. Trugsmål mot kvinner og Chads – altså vellukka menn – førekjem rett som det er.

«Fjordland-intellektualisme»

– Nokre gonger ser det for meg ut som ei form for intellektualisering, der ein freistar å lage ei større råme av forståing rundt fenomenet ved å putte det inn i eit slags narrativ som skal forklare det heile. Det red- og blue-pill-narrativet er ikkje sunt, påpeikar Kjøs.

– Det liknar måten konspirasjonsteoriar oppstår på. Ein kan sjå på det som ein slags «Fjordland-intellektualisme»: I staden for å studere og gå grundig inn i noko vert ein ekspert etter ti minutt i mikrobølgeomnen. Det er ein billeg måte å verte intellektuell på, seier Kjøs.

Det liknar måten konspirasjonsteoriar oppstår på

– I staden for å meine at ein er dårlegare fordi ein er smartare enn andre, burde ein sjå korleis ein sjølv kan bli betre. Men igjen er spørsmålet dei heller stiller seg: «Kvifor får ikkje eg som fortent? Eg er jo fantastisk!».

Akkurat slik kunne han ha ordlagt seg, incel-helten Elliot Rodger, som stod bak Isla Vista-massakren ved universitetet i California i 2014. Seks unge menneske vart drepne, og fjorten skadde, då Rodger sitt blinde kvinnehat tok overhand (og han sjølv døydde for eige grep).

«Eg veit ikkje kvifor de jenter ikkje er tiltrekte av meg, men eg vil straffe dykk alle for det. Det er ei urettferd, eit brotsverk, fordi eg ikkje veit kva de ikkje ser i meg. Eg er den perfekte fyren, og likevel kastar de dykk over alle desse avskyelege mennene, i staden for meg, den ypparste blant menn», sa Elliot Rodger i ein video han lasta opp på YouTube i forkant av massakren.

Santa Barbara-sheriff Bill Brown går fordi ein plakat med foto av skyttaren Elliot Rodger og våpena han brukte på ei masseskyting i Isla Vista i California: Foto: AP

Sjølvutnemnde incels har også ved andre høve hemna seg på samfunnet grunna utanforskapen og forakta mot kvinner og menn som lukkast. I april 2018 køyrde incel-desperadoen Alek Minassian ned fotgjengarar i Toronto i Canada i ein lånt varebil. I dette åtaket vart 10 menneske drepne og 16 skadde.

Aggresjonen somme incels går og ber på, er viktig å adressere, ifølgje Peder Kjøs.

– Om det kjem til aggresjon, då vert det jo farleg og øydeleggjande for andre. Og den aggresjonen som kan følgje av einsemd og utanforskap, er eit viktig tema. Det er jo ein av dei viktigaste grunnane til at me treng eit ope og inkluderande samfunn, der folk vert tekne godt imot og ordnar seg på ein betre måte enn å på eit vis sitje og dyrke utanforskapen, seier han.

For incels er tradisjonalisme og lengt attende til eit patriarkalsk samfunn løysinga på deira problem på datingmarknaden. Så godt som alt anna som fører samfunnet i den retninga det har gått sidan feministane marsjerte i gatene på 70-talet, er ifølgje incels «black pilled».

Ein uheldig situasjon

Sjølvironien og humoren som utspeler seg om vanskelege tema som incels diskuterer rundt på nettfora, som Reddit og 4chan, er ifølgje Kjøs ein metode dei nyttar for å takle det at dei ikkje har lukkast på datingmarknaden.

– Eg trur det er sanning i at humoren er med på å dekkje over sorga på eit vis. Humor kan vere bra om den vert ein slags sjølvironi som ikkje stadfestar eit negativt verdsbilete, men heller vert ein spore til å gjere noko med sin eigen situasjon, forklarer han.

Det Kjøs har bite seg merke i med incels, er det såre og det triste.

– Det handlar om einsemd, noko eg er oppteken av. Og det handlar om folk i ein uheldig situasjon, som ikkje er lett å kome seg ut av.

Det handlar om einsemd

Han har merkt seg det iaugefallande sinnet mange incels har hangande over seg, og kjensla deira av at dei ikkje får retten sin.

– Og så er det skulda mot andre framfor å take den på seg sjølv. Dei meiner det er andre enn dei sjølve som burde sørgje for at dei fiksar seg damer. Kjensla av å ha ein gjeven rett til at andre skal ordne opp er eit fenomen som gjer seg mange utslag. Men ein skal samstundes vere varsam med å stille diagnose på ei tid som den me lever i no.

Motgang i livet har dei fleste kjent på ein eller annan gong, så incels er truleg ikkje åleine om å ha det vanskeleg.

– Me godtek ikkje lagnaden og heller ikkje plent ansvaret, men det er noko ein må leve med og noko ein må gjere noko med sjølv. Einskilde ting er vanskelege liksom, og ikkje lette å gjere noko med.

Utsjånad, pengar og status

Ideologien knytt til utsjånad og genetikk råder blant incels. Dei er opptekne av andletet sin symmetri, og ser alle andre ting som sekundære. Mykje av tankegodset relatert til dette freistar dei å prove gjennom å vise til empiri, vitskaplege og pseudovitskaplege studiar som passar inn i incel-narrativet.

– Det er ein kjønnsfaktor ved dette. Menn vektlegg utsjånad og vil ha ein vakker partnar. Kvinner er opptekne av andre ting, som status, tryggleik, mellom anna finansielt. Dei ynskjer ein mann med posisjon.

– Å leite på feil stad har jo også litt å seie. Overvekt eller dårleg kledestil lèt det seg gjere noko med. Men ofte er damer meir opptekne av andre ting. Ein bør heller skaffe seg ei utdanning. Damer verdset sosial dugleik. Lær deg å prate, ver hugleg, utåtvend, omgjengeleg, raus og venleg. Damer likar rause hannar som er til stades for kvinna si og borna. Det beste som finst, er å ha ein kjærast som er rik og gåvmild.

Avvising frå ei jente trur mange incels skuldast at dei ikkje held mål med omsyn til utsjånad. Slik avvising har gjort mang ein incel fiendsleg og hatefull til hokjønn generelt.

– Dei gutane der er ikkje innmari flinke til å plukke opp signal, og tolkar gjerne feil. Så trur dei at det er på grunn av utsjånaden dei ikkje har suksess blant kvinner. Det første dei bør gjere, er å finne ut av kva damer faktisk vil ha, ikkje gå ut frå at det er det same dei sjølv ynskjer seg hos damer, nemleg utsjånad.

Alt fokuset på at det er noko gale med ein, kan verte ein sjølvoppfyllande profeti, trur Kjøs.

– Det er destruktivt å byggje seg opp ein identitet rundt det som er feil og alt tullet som ikkje fører dei nokon stad. Det finst ikkje ei dame i verda som gidd høyre på dei greiene der. Dei har betre ting å gjere på.

Han held fram at incels treng å gjere eit betre retningsval enn å sitje på nettet saman med likesinna og vere samde om kor miserable dei sjølve og omverda er.

– Eg trur at dei problemstillingane som desse mennene står overfor, handlar om utanforskap, einsemd og alle tinga som er alvorlege og triste, men som det er mogleg å få hjelp med. Eg tenkjer at ein innan psykisk helsevern alltid har vore oppteken av dei karane der, seier Kjøs, som ikkje kjenner til om sjølve incel-nemninga er eit særleg kjent omgrep i helsesektoren.

Det er folk som lid og fell utanfor, helsevesenet er oppteke av, ifølgje Kjøs.

Brit Aksnes debuterer som forfattar med boka «Mannemenneske. Menn om livet, sex og forhold» på Pelikan Forlag. Foto: Mari Laupsa, Pelikan Forlag

Brit Aksnes debuterer som forfattar med boka «Mannemenneske. Menn om livet, sex og forhold» på Pelikan Forlag. Foto: Mari Laupsa, Pelikan Forlag