Ronny Brede Aase får Kringkastingsprisen på direkten: – Eg er mållaus

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag morgon fekk programleiar Ronny Brede Aase ei uvanleg overrasking midt i P3morgen si sending.

Medan programmet var på lufta fekk dei besøk i studio av Kathrine Nygård, leiar i Kringkastingsringen, som kunne meddele at Ronny Brede Aase får Kringkastingsprisen 2019.

– Det er ikkje til å stikke under nynorskstol at dette programmet her – og spesielt du, Ronny Brede Aase – har hatt mykje å seie for nynorsken og for det å vere stolt over dialekta si og heimplassen sin, seier Nygård.

Mottakaren sjølv var uvanleg taus i forsamlinga:

– Eg trur eg berre seier tusen takk, eg. Så hyggeleg. Eg vart litt rørt faktisk. Eg er mållaus, sa han.

3000 sendingar på sunnfjordsdialekta

I grunngjevingstala som vart halden på lufta rosar Kringkastingsring-leiaren «ei av dei trivelegaste røystene i eteren», og takkar Aase for å ha gjeve eit ansikt til nynorsken og til Sogn og Fjordane, berre gjennom å vere seg sjølv.

Førdianaren Ronny Brede Aase har losa lyttarane gjennom nesten 3000 sendingar på klingande sunnfjordsdialekt.

Det har vore mange grytidlege morgonar for Aase, som har vore programleiar i P3morgen i ti år. Men tidleg i september kom nyheita om at P3morgon har si siste sending 20. desember.

– Eg trur det er lurt å gje seg medan det framleis er det mest fantastiske i heile verda og det gøyaste eg har gjort i mitt liv. Det vil eg også kunne tenke tilbake på resten av livet, sa Ronny Brede Aase då.

– Uråd å overdrive innsatsen

– Aase har vore ein tydeleg og viktig ambassadør for nynorsk i mange år. Svært mange møter nynorsk berre gjennom NRK, og særleg ungdom manglar språklege førebilete. Det er difor uråd å overdrive innsatsen Ronny har gjort gjennom neste tre tusen sendingar på P3morgen. Han vil bli sakna, utdjupar Nygård i ei pressemelding.

Kringkastingsprisen vert delt ut kvart år til ein journalist som har utmerka seg med godt språk i radio eller fjernsyn, og som på ein framifrå måte brukar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet.

Utover heider og ære får Ronny Brede Aase eit grafisk trykk av Lars Teigum. I sendinga lovar han at han skal finne plass til kunstverket i huset sitt.

Der bør han også prioritere ei brei peishylle for dette er berre den siste prisen i ei lang rekkje for førdianaren.

I 2009 vart han tildelt Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar, i 2016 fekk den samla P3morgon-redaksjonan Kringkastingssjefens språkpris, i 2017 følgde Dialektprisen etter. Samstundes har han fleire gongar henta heim prisar som «Årets radionamn», «Årets programleiarar», og «Årets radioaugeblikk».

Alle bilete: Skjermdumpar frå NRK P3 sin YouTube-kanal. Collage: Framtida.no

Tidlegare mottakarar av Kringkastingsprisen

  • 2018: Eli Kari Gjengedal
  • 2017: Anne Lognvik
  • 2016: Arill Riise
  • 2015: NRK Super
  • 2014: Marta Norheim
  • 2013: Ingunn Solheim
  • 2012: Knut Magnus Berge
  • 2011: Morten Sandøy
  • 2010: John Skien
  • 2009: Yasmin Syed
  • 2008: Trude Teige
  • 2007: Ingerid Stenvold
  • 2006: Harald Bøe
  • 2005: Are Kalvø
  • 2004: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
  • 2003: Arne Hjeltnes
  • 2002: Gry Molvær
  • 2001: Egil Johan Ree
  • 2000: Siri Lill Mannes

Sjå fullstendig liste hjå Kringkastingsringen.