Ikkje gløym å gi tida di til det som faktisk betyr noko for deg, skriv Fredrikke Kristine Sandvik-Ertzeid (15) i dette innlegget som fekk heiderleg omtale i skrivekonkurransen til Framtida.no og Magasinett om å «Gi tid».
Fredrikke Kristine Sandvik-Ertzeid
Fredrikke Kristine Sandvik-Ertzeid

24 timar i døgnet. Høyrest ut som ganske mykje. 24 timar er jo nok, tenkjer vi. Sjølv dei dagane vi kjedar oss mest er 24 timar i døgnet aldri nok.

Eg vaknar klokka sju. Da bruker eg eit heilt kvarter berre på å komme meg opp av senga.

Etter det går eg rundt mens eg ventar på frukost. Sjekkar sosiale media.

Klokka er halv åtte, eg er ferdig å ete frukost.

Eg steller meg, går til skulen. Ein halvtime har gått, klokka er åtte.

På skulen ser eg på tida mens ho går forbi. Eg tel timar mens eg, minutt for minutt, kjenner tida forsvinne inn i dagen, og dagen forsvinne inn i alle timane eg har brukt på skulen. Det kjennest eigentleg ikkje som ein del av dagen, meir som ein draum, og at eg vaknar når eg kjem heim.

Eg tel timar mens eg, minutt for minutt, kjenner tida forsvinne inn i dagen, og dagen forsvinne inn i alle timane eg har brukt på skulen.

Eg sit på do og stirer inn i mobilen min i ein halvtime. Før eg gjer det, står eg i trappeoppgangen i nærmare 20 minutt. Eg tar på meg kosetøy, legg meg på sofaen, ser på Netflix. Snart har to timar gått. Det er middag. Eg sit igjen og stirer inn i mobilen min, eg legg meg på sofaen igjen. Klokka er seks. Så les eg litt, men går snart tilbake til iPaden, og Macen, og mobilen. Eg facetimar med bestevenninna mi. Me scrollar på mobilen mens me pratar.

Klokka er sju. Eg burde kanskje jogge litt. Ein halvtime blir brukt på å ikkje jogge. Ein halvtime blir brukt på å jogge. Ti minutt til å gå opp trappa. Tjue minutt før eg kjem meg i dusjen. Klokka er ni. Eg går ut av dusjen. Ser litt på iPaden mens eg tar på meg pysjen. Går til stua. Set meg ned og et ei pære mens eg gjer leksene halvgodt. Dei eg ikkje hadde «tid» til å gjere tidlegare. Så ser eg litt på iPaden igjen. Veit at eg burde ha lagt meg for ti minutt sidan. Klokka er ti over ti. Eg ser på iPaden mens eg pussar tennene. Å pusse tennene tar fort ein halvtime. Eg legg meg i senga, seier god natt. Les. Legg ikkje frå meg boka. Eit kvarter går, ein halvtime, ein time har gått. Eg er trøtt, klokka er mykje, eg legg meg. Klokka er tolv.

Eg har da vore vaken i 17 timar. 17 timar har eg hatt til å leve den dagen som var. Og 17 timar er ganske lenge også. Det er så lenge at ein burde ha lagt seg for to timar sidan. Men kva var dei 17 timane eigentleg? Kva brukte eg dagen min på? Ikkje mykje.

Den gjennomsnittlege levealderen i Noreg er 82,51 år. Det betyr at du da har 722 787 timar du kan leve.

Den gjennomsnittlege levealderen i Noreg er 82,51 år. Det betyr at du da har 722 787 timar du kan leve. Og sjølv om nokon trur på at vi kjem til himmelen, nokon trur vi blir gjenfødt, og andre trur vi blir til markemat, veit vi eigentleg berre at det er cirka dei 722 787 timane vi har til å leve.

Mange i dag gløymer å leve. Gløymer å leve kvar dag fordi den betyr noko. Ikkje gløym å leve, ikkje gløym å gi tida di til det som faktisk betyr noko for deg. For ein dag tar det slutt, og da får du aldri dei 17 timane tilbake.

Gjer du deg flid med innpakkinga kan den vere halve gåva. Finn fram det du har – gamle kart, kryssord, tørka og pressa blomar, tøystykker eller gråpapir du kan pynte.
Oppdatert: måndag 20. januar 2020 08.54
ANNONSE