Finland får verdas yngste statsminister

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sanna Marin er i dag transportminister, men blir seinare i denne veka utnemnt til den neste statsministeren i Finland.

Ifølgje The Guardian vil Marin bli den yngste sitjande statsministeren i verda.

Det sosialdemokratiske partiet SDP valde søndag Marin som sin statsministerkandidat med knapp margin, ifølgje Hufvudsstadsbladet.

Regjeringskrise

Marin vil erstatta statsminister Antti Rinne frå same parti. Tysdag sist veke valde han å trekka seg som statsminister etter ein poststreik og intern uro i regjeringa. Regjeringskrisa oppstod då den største koalisjonspartnaren Centern uttrykte tvil til statsministeren, ifølgje den finske kringkastaren YLE.

Det sosialdemokratiske partiet opplever rekordlåg oppslutning med berre 13,2 prosent på meiningsmålingane, medan høgrepopulistiske Sannfinnane opplever oppslutning på rekordhøge 24,3 prosent, ifølgje YLE.

– No er det på tide å sjå framover. Kameratar, no er det trong for tillit og stabilitet i Finland, sa Marin etter ho blei valt på valmøtet til SDP, ifølgje Hufvudsstadsbladet.

Kvinnelege partileiarar

Dei fem partia som utgjer den finske regjeringa vil alle vera leia av kvinner.

Li Anderson (32) leier Vänsterförbundet, Maria Ohisalo (34) leier De gröna, Katri Kulmuni (32) leier Centern og Anna-Maja Henriksson (55) leier Svenska folkpartiet.

Sanna Marin blei valt til leiar for bystyret i Finlands neste største by, Tampere, allereie som 27-åring.

Illustrasjonsfoto: Heraldry of the World