Ei metoo-kartlegging viser at 11 prosent av representantane og dei partitilsette på Stortinget har opplevd mobbing eller trakassering det siste året.
NPK-NTB-Kristian Skårdalsmo og Johan Falnes
NPK-NTB-Kristian Skårdalsmo og Johan Falnes

I alt 57 prosent av stortingsrepresentantane og dei tilsette i partigruppene på Stortinget har deltatt i den anonyme spørjeundersøkinga, som vart gjord i oktober og november i haust.

Hovudfunnet er at 11 prosent av deltakarane seier dei har vorte utsette for mobbing eller trakassering det siste året. For stortingsrepresentantane er delen 15,6 prosent, medan delen er 6,7 prosent blant dei partitilsette.

Delen som har opplevd uønskt seksuell merksemd, ligg på 5 prosent.

Stortingspresident Tone Trøen, her på statsbesøk i Ukraina. Foto: Кабінет Міністрів України/Wikimedia Commons/CC BY 4.0

Betre enn frykta

Stortingspresident Tone W. Trøen (H) meiner resultata er langt betre enn det internasjonale undersøkingar gav grunn til å frykte.

– Men kvart tilfelle er alvorleg i seg sjølv, seier Trøen til NTB.

Ho understrekar at det skal vere nulltoleranse for mobbing og trakassering på Stortinget.

Men nøyaktig korleis kartlegginga vil bli følgd opp, er ikkje avklart.

– Dette er første gong vi gjer ei slik undersøking. No vil presidentskapet vurdere kva tiltak vi skal setje i gang. Det er litt for tidleg for oss å konkludere på det allereie i dag, seier Trøen.

Overvekt av kvinner

Kartlegginga viser at det er ei klar overvekt av kvinner blant deltakarane som seier dei har opplevd mobbing, trakassering eller uønskt seksuell merksemd det siste året.

Fem personar – mellom dei fire folkevalde og éin partitilsett – har opplevd uønskt seksuell merksemd frå kollegaer, medan éin tilsett svarar at vedkommande har opplevd dette frå ein overordna.

Trøen fortel at ho den siste tida har snakka med kollegaer i fleire andre land om kva tiltak dei har sett i gang for å få bukt med problema.

– Det vil vi ta med i vurderinga, seier Trøen.

– Det å bli utsett for mobbing, trakassering og uønskt seksuell merksemd er ein trussel mot demokratiet vårt, for det kan føre til at terskelen for å delta i politikken blir høgare, åtvarar ho.

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE