Miljø og jobb øvst på folks EU-ønskeliste

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

40 prosent vel miljø som viktigaste sak, følgt av jobb (34 prosent) og sosialpolitikk (23 prosent), ifølgje tal frå den tyske Bertelsmann-stiftelsen.

Meiningsmålinga blir sleppt same dag som EU-parlamentet etter alle solemerke vil stemme for å godta Ursula von der Leyens nye EU-kommisjon. Dermed kan ho overta etter Jean-Claude Juncker ved månadsskiftet.

Klima viktigast – men ikkje for alle

Medan det er tyskarane som er mest opptatt av at EU må gjere sitt for å redde klimaet – heile 49 prosent har dette som ein av dei to viktigaste sakene for kommisjonen – er det italienarane som i størst grad meiner arbeid er oppgåve nummer 1. Heile 60 prosent vel dette som ei hjartesak. Også i Frankrike, Spania og Polen er det fleire som set arbeid føre klimaet i det dei meiner kommisjonen bør prioritere.

Det er kanskje ikkje så overraskande at det er dei yngste, noko som i denne undersøkinga betyr dei mellom 18 og 25, som er mest opptatt av klimaet. 47 prosent i den aldersgruppa har klimaet på topp. I resten av aldersgruppene er det 36–40 prosent. Det er generelt mindre variasjon mellom dei ulike aldersgruppene enn det er mellom dei seks medlemslanda som er presenterte med eigne tal.

Drygt 12.000 personar har deltatt i undersøkinga, som skal gi eit representativt bilde for heile unionen og for seks av medlemslanda: Frankrike, Italia, Nederland, Polen, Spania og Tyskland.

Bekymra for eigen økonomi

På spørsmålet om kva som skaper mest uro i eige liv, er det flest som trekker fram økonomi, nærare bestemt frykta for auka levekostnader. Drygt halvparten av dei spurde – 51 prosent – valde dette som ein av dei to tinga dei bekymra seg mest for. Dei to neste sakene på lista var dårleg helse og ein usikker jobbmarknad.

– Det er ikkje bekymringane til alle europearane som fell inn under ansvarsområdet til kommisjonen, og dermed er det ekstra viktig at institusjonane i Brussel forklarer korleis Europa fungerer, seier Isabell Hoffmann i Bertelsmann-stiftelsen. Ho har ansvaret for undersøkinga, som har fått namnet «eupionions» – som løyst kan omsetjast til ein «EUpinionsmåling».

Opne for meir integrering

Elles viser òg målinga at halvparten ser lyst på EUs framtid. Polakkar og spanjolar er mest optimistiske (høvesvis 63 og 61 prosent), medan franskmenn er mest pessimistiske, med berre 39 prosent som er samd i at framtidsutsiktene er gode.

Drygt halvparten (54 prosent) er for tettare politisk og økonomisk integrering. Her er Italia og Spania på topp med høvesvis 70 og 68 prosents oppslutning om ei slik utvikling. I motsett ende ligg Frankrike og Nederland, på 41 og 39 prosent.

Samtidig meiner to tredelar at det vil komme fleire brexit-liknande utmeldingar eller at integreringa ikkje vil skje like fort for alle medlemslanda. 9 prosent trur unionen vil ta slutt å eksistere, medan 5 prosent ser for seg ei framtid som eit Europas sameina statar – eit USE.

Les også: 63 prosent av norske forbrukarar meiner verda står ovanfor ei stor klimakrise. Her er litt haldningsstatistikk.

Kjelde: Ipsos