Nasjonale turistvegar lokkar filmselskap til Noreg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nasjonale turistvegar gjer Noreg interessant for filmbransjen. Dei vert mykje brukte i profileringsarbeidet overfor internasjonale filmskaparar, fortel leiar for Vestnorsk filmkommisjon, Sigmund Elias Holm i ei pressemelding frå Nasjonale turistvegar.

Holm arbeider sjølv med å filma turistvegane og trekkja utanlandske filmteam til Noreg, og seier arkitekturen langs dei nasjonale turistvegane har svært mykje å seia i dette arbeidet.

At arbeidet nyttar, er det fleire døme på.

Delar av den nye dansk-norske spelefilmen «Selvmorsturisten» som snart har premiere, er til dømes spelt inn på Trollstigen og i Valldal i Møre og Romsdal. I filmen møter vi mellom anna Game of Thrones-stjerna Nikolja Coster-Waldau. Og scener til den nye James Bonde-filmen er gjort langs Atlanterhavsvegen.

Sjå trailer frå filmen her: 

I perioden 2015–2016 blei det ifylgje pressemeldinga dessutan spelt inn fem indiske storfilmar i Aurland, på Hardangervidda, Atlanterhavsvegen og Geiranger-Trollstigen.

Viktig for næringslivet

Nasjonale turistvegar meiner filminnspelingane er med på å styrkja Noreg som reisemål og situasjonen for norsk næringsliv.

– Ei filminnspeling kan gje lokale inntekter på alt frå hundre tusen til fleire hundre millionar kroner, seier Holm.

Han peikar på at filminnspelingar skaper inntekter frå mange ulike område med frå overnatting og bilutleige til utstyrsleige, helikoptertenester, catering, locationleige, leverandørar av rekvisittar og andre ting.

Ifylgje Holm hadde filmen «Snømannen» heile 6-7.000 underleverandørar. Han meiner ei anna positiv side ved filmproduksjonar er at dei ofte skjer utanom hovudsesongen til reiselivet.

Stadig fleire filmskaparar vel å filma i Noreg. Delar av filmen til Universial Picturen, Ex Machina, blei til dømes spelt inn ved Juvet landskapshotell langs Nasjonal turistveg Geiranger-Trollstigen. ©Foto: Per Ritzler / Statens vegvesen

Også Knut Slinning som eig Juvet landskapshotell langs Nasjonal turistveg Geiranger-Trollstigen kan stadfesta at filminnspeling er positivt for lokalt næringsliv.

Delar av filmen til Universal Picture, Ex Machina, blei spelt inn i området, og millionar av menneske har sett filmen over heile verda.

– Utan effekten av Ex Machina hadde det kanskje ikkje vore mogleg å satsa på heilårsturisme her. Denne filmen har gjort at det er booka rom kvar dag, og gjestene kjem ofte i skuldersesongane, seier Slinning.

Musikar Emil Karlsen (22) meiner storkonsernet Disney viser betre takter når det kjem til å ta urfolk på alvor. Foto: Andrea Nøttveit