Det austerrikske innanriksdepartementet har annonsert at huset der Adolf Hitler vart fødd skal gjerast om til ein politistasjon. Det melder britiske The Guardian.
– Husets framtidige bruk av politiet skal senda eit tydeleg signal om at dette bygget aldri skal bli ein stad der ein minnast nazismen, seier innanriksminister Wolfgang Peschorn i ei pressemelding.
Nazi-sympatisørar og anti-fascistar
I 2016 tok styresmaktene over det gule murbygget i byen Braunau nord i landet på grensa mot Tyskland, der Adolf Hitler vart fødd 20. april 1889.
Sjølv om familien til Hitler berre budde i leilegheita i andre etasje ein kort periode valfartar stadig nazi-sympatisørar frå heile verda dit.
Framfor huset står det òg ein minnestein med inskripsjonen:
«FÜR FRIEDEN, FREIHEIT
UND DEMOKRATIE
NIE WIEDER FASCHISMUS
MILLIONEN TOTE MAHNEN».
- Visste du at det nyleg var 30 år sidan Berlinmuren fall? Sjå bileta og les historiene til nokre av dei som freista flykte frå DDR.
EU-omspennande arkitektkonkurranse
Frå 1970-talet leigde styresmaktene huset av eigaren Geraldine Pomme, som arva det. Det 800 kvadratmeter store bygget vart brukt som eit senter for personar med nedsett funksjonsevne.
I 2011 gjekk avtalen i vasken då eigaren ikkje ville renovera huset eller selja. Det starta arbeidet med å innføra ei lov som let styresmaktene overta huset frå ho.
Tidlegare i år avgjorde høgsterett i landet at ho skulle få 900,000 dollar i kompensasjon. Det var mindre enn ho ba om, men meir enn ho vart tilbydd i første omgang.
Først var planane å riva huset, noko fleire politikarar og historikar motsette seg.
Denne månaden opnar dei ein EU-omspennande arkitektkonkurranse for korleis huset skal byggjast om til ein politistasjon. Vinnaren skal etter planen kårast i første halvdel av 2020.
