Misjonærbarn ønskjer kompensasjon for traumatisk barndom

Misjonærbarn som vart skilde frå foreldre og plassert på Misjonssambandets internatskular, har organisert seg og ber om det dei kallar ei verdig oppreising.

NPK-NTB-Peter Tálos
Publisert

Heilt tilbake i 1950-åra og fram til 2010 skal fleire tusen barn ha vorte plasserte i internatskular i utlandet medan foreldra levde ut kalla sine som misjonærar. For mange av barna vart oppveksten utan foreldra prega av mangel på omsorg, psykisk eller fysisk vald og seksuelle overgrep, skriv foreininga Sendt bort i ei pressemelding.

Organisasjonen har, sidan han vart stifta 19. desember i fjor, fått 150 medlemmer. Mange er barn av misjonærar i Norsk Luthers Misjonssamband (NLM) som er prega av oppveksten på internatskulane. No vil dei ha ein dialog med NLM om ein handlingsplan dei kan vere saman om.

Vil ha kompensasjon

– Sendt bort skal tilby ein fellesskap og eit nettverk for misjonærbarna, og dessutan gi rettleiing for medlemmene i gruppa. Vi søkjer å inngå ein konstruktiv dialog med Misjonssambandet om korleis vi kan få til ein konkret handlingsplan og verdig oppreising, seier Jarle Naustvik, som er den eine av dei tre grunnleggjarane, til NTB.

Naustvik seier NLM har gitt fleire unnskyldningar opp gjennom åra, men at lite er skjedd utover det. Dei ønskjer at den nye dialogen skal resultere i ein kompensasjon eller støtte til tiltak som dei kjem fram til i fellesskap.

I Misjonssambandet er ein godt kjent med at mange av misjonsbarna slit etter opphald på internatskular i utlandet. Allereie på slutten av 1980-talet vart det kjent at overgrep hadde skjedd. Utover 1990-talet vart ein meir klar over dei negative konsekvensane ved å halde barna unna foreldra som dreiv misjon. Først rundt 2010 var praksisen med internat heilt avskaffa.

Personalleiar Ragnhild Myren i Misjonssambandet seier at dei i dag mellom anna har ei ordning med støtte på inntil 40.000 kroner til psykolog eller psykiater. Ei anna ordning gir støtte til å reise tilbake til landa der dei voks opp, for å omarbeide dei trauma dei måtte streve med.

Har forståing med dei ramma

Generalsekretær Gunnar Bråthen i Misjonssambandet seier til NTB at han er kjend med organisasjonen Sendt bort. NLM bad tidlegare i januar om eit møte med leiinga i organisasjonen, men så langt har det ikkje vore direkte kontakt mellom dei.

– Vi har invitert dei til ein samtale og skal ha denne om nokre dagar. Då tenkjer eg at vi får høve til å høyre kva dei seier og tenkjer. Så får vi ta det derfrå, seier Bråthen.

Han fortel at NLM først i 2009 og på nytt i fjor beklaga overfor misjonsbarna.

– Eg har forståing for dei som er ramma av dette. For nokre går dette veldig djupt, og eg veit at dette skal vi ha forståing for, seier Bråthen til NTB.

Ber barne- og familieministeren om handling

Onsdag møtte Sendt bort Venstre-politikar Abid Raja. Stortingsrepresentanten er forskrekka over kva han fekk høyre og vil ha barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) på banen.

– Eg ønskjer å høyre kva kyrkjeminister Toppe tenkjer om sakene som har komme fram, seier Raja til NTB, og held fram:

– Historiene eg fekk høyre om, strekte seg tilbake til 60-talet, og fleire tusen barn vart sende bort på internata. Dette ser ut til å vere endå ei historie om korleis religiøs kontroll igjen har ramma dei aller svakaste i samfunnet vårt.

Raja vil be Toppe gjere greie for kor mykje pengar Misjonssambandet har fått i statsstøtte, og korleis staten følgde opp finansieringa av internatskulane.

Store mørketal

I grunnlaget for ønsket om å inngå eit samarbeid om handlingsplan for dei ramma misjonsbarna viser Sendt bort til ei undersøking som Det Norske Misjonsselskap (NMs) og Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) fekk gjennomført i 2009.

Forutan at mange vart utsette for mobbing og framandgjering, vart ifølgje Sendt bort 14 prosent av barna på internat utsette for seksuelle krenkingar.

– Førekomsten av denne typen overgrep blant misjonærbarna som budde på internat er tidlegare underkommuniserte, og det er grunn til å tru at det også er store mørketal i fleire av konklusjonane frå rapporten, skriv Sendt bort.