Mulki blei omskoren som 5-åring: – Ingen skal måtta oppleva det same som eg
Mulki Mire Guled (22) vann nasjonal talekonkurranse med ein sterk tale mot kjønnslemlesting av kvinner.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg er veldig glad, seier Mulki Mire Guled til Framtida.no. I helga vann ho den nasjonale talekonkurransen til Universitetet i Bergen, «Ta ordet», og førstepremien på 10.000 kroner.
Mulki Mire Guled kom til Noreg frå Somalia for fire og eit halvt år sidan. Som femåring blei ho omskoren.
– Eg hugsar den dagen som det var nokre minutt sidan. Eg var berre ei lita jente, men der eg budde har små jenter liten verdi. Der avgjer tradisjonar og overtru kva folk skal gjera, skriv ho i talen ho vann med.
Vil hjelpa barn og unge
22-åringen bur no i Bergen og tar påbygg ved Fyllingsdalen vidaregående skole.
– Eg vil bli sjukepleiar og hjelpa barn og unge så dei slepp å oppleva det same som eg gjorde, seier Mulki Mire Guled.
– Målet mitt er at det skal bli slutt på omskjering av kvinner. I dag er dette vanleg i 30 land. Det handlar ikkje om religion – berre tradisjon og kultur.
Ifølgje ein UNICEF-rapport frå 2016 har 200 millionar jenter og kvinner på verdsbasis vorte utsette for kjønnslemlesting. Somalia er det landet i verda som har høgast førekomst, tett følgd av Guinea og Djibouti. Organisasjonen melde at heile 98 prosent av somaliske jenter og kvinner mellom 15 og 49 år hadde vorte utsette for omskjering.
– Kva kan Noreg gjera for å hindra omskjering av jenter?
– I Noreg er det forbod mot omskjering. Men Noreg kan gjera meir for å stoppa dei som reiser tilbake til heimlandet for omskjering av jenter.
Sjå video frå talen til Mulki her:
Kursa i retorikk
Over femti vidaregåande skular frå heile landet har deltatt i årets «Ta ordet!». I løpet av hausten har det blitt skrive mange tusen talar landet rundt. I finalen no i helga var det seks finalistar igjen. Konkurransen blir arrangert av retorikkgruppa ved Universitetet i Bergen, og gir elevar og lærarar høve til å styrka dei retoriske ferdigheitene sine.
– Det viktigaste eg har lært, er at eg kan seia det eg vil – og at etos, logos og patos kan hjelpa meg å få fram det eg vil seia.
Mulki Mire Guled viser til dei tre retoriske appellformene først omtalt av Aristoteles.
Etos speler på integriteten og truverdet til den som snakkar eller skriv. Patos betyr å spela på følelsane til mottakaren. Logos betyr å spela på fornufta og intellektet til mottakaren gjennom måten ein legg fram argumenta.
- Les intervjuet med retorikkprofessoren som brukar Greta Thunberg som døme i undervisinga: – Ho er eit unikum