Færøyane stengjer for vedlikehald
Sidan Færøyane er eit ynda reisemål blir det slitasje. No må øygruppa stengje dei ti mest populære turistattraksjonane sine i to dagar neste år for å gjere vedlikehald, skriv VG.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det bur om lag 50.000 menneske på Færøyene, og i 2018 besøkte rundt 110.000 turistar landet. Det har vore ein auke på rundt ti prosent i året dei siste fem åra. Og alle turistane skaper utfordringar for naturen. No har derfor øygruppa for andre året på rad bestemt seg for å stengje deler av øyane for turistar éi helg, for å rydde opp og reparere naturen etter dei mange turistane.
Tidspunktet er 16.- og 17. april 2020. Dei einaste som får besøkje turistattraksjonane i perioden er 100 frivillige som skal hjelpe til med vedlikehaldet. Totalt skal det jobbast med 14 ulike prosjekt denne helga. (©NPK)