Forskarar har funne at ho-ciklidar blir meir pessimistiske etter å ha mista maken sin.
mm

– Emosjonelle band til ein partnar er ikkje unikt for vår art, ettersom det har utvikla seg hjå minst éin anna art, sa François-Xavier Dechaume-Moncharmont, ein av forfattarane bak studien.

Det melder The Guardian.

Studien blei utført av forskarar ved Universitetet i Burgundy i Dijon, og fann stad på mellom-amerikanske «convict cichlids» – ein art innan fiskefamilien ciklidar. I Noreg er denne arten best kjend som ein akvariefisk.

Annleis åtferd med føretrekt partnar

For å komma fram til det overraskande resultatet blei fiskane plassert i ein tank med ei rekke kammer og skiljeveggar. Deretter undersøkte forskarane endringane i atferd når ein ho-ciklid fekk vera saman med sin føretrekte partnar.

Det såg ut til at ho-fisken gyta raskare, brukte meir tid med egga, og fekk meir yngel enn når dei måtte vera med ein partnar dei tidlegare hadde avvist.

I neste fase la forskarane ut små behaldarar med mat i. Nokre hadde svart lokk og var tomme, andre hadde kvitt lokk og inneheldt mat. Fiskane lærte gradvis kva behaldarar som var tomme.

Pessimistiske fiskar bryr seg ikkje

Men deretter la ein til eit nytt element: Behaldarar med grått lokk. Tanken var at dei grå lokka kanskje ville bli opna av optimistiske individ, medan meir pessimistiske fiskar ikkje ville bry seg.

Det viste seg, ifølgje forskarane, å vera tilfellet. Ho-ciklidar opna klart oftare dei grå behaldarane når ein føretrekt hann-ciklid var til stades.

Funna tyder på at parforhold sin innverknad på eit individ sin emosjonelle tilstand ikkje er spesifikt for menneskeslekta, men òg er til stades blant andre artar.

Studien er publisert og kan lesast i sin heilskap hjå The Royal Society.

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE