– Kan du skrive særemne for meg om deg?

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kan du skriva om deg for meg?

«Hei
Jeg heter XXXXXXXX og jeg har en skriveoppgave i faget Norsk om å skrive om en forfatter, så jeg har funnet en taktikk på å skrive oppgaven på. Jeg tenkte at det ville ha vært greit at du kan skrive det som er egentlig sant, for jeg stoler ikke helt på wikipedia»

Slik starta eposten ungdomsbokforfattar Bjørn Sortland fekk frå ein elev som skulle skrive oppgåve om han. Sortland, som ikkje visste heilt kva han skulle svare, låg brevet ut i anonymisert form i ein facebookstatus. «Brev frå ein elev som ikkje stoler heilt på wikipedia», skreiv han, før han siterte brevet i sin heilskap. Der kjem det fram ei rekke spørsmål om alt frå metodar, inspirasjonskjelder, utdanning og kva bøker Sortland har skrive.

Det eleven tilsynelatande ikkje hadde gjort, eller tenkt å gjere, var å lese ei av bøkene Sortland har skrive.

Knallar i veg
– Eg fekk ganske mykje e-post frå elevar som det verka som starta heile arbeidet med oppgåva med å berre knalle i veg ein e-post til forfattaren, seier Ingelin Røsseland.

For Sortland er ikkje den einaste som har fått epostar av elevar som verkar meir interessert i forfattaren enn litteraturen. Men elevane som trudde at Røssland sat inne med alle dei rette svara og sto klar til å dele dei ut, fekk neppe dei svara dei ønskte.

– Til desse elevane hadde eg stort sett eit standard svar om at ein stor del av oppgåva var at dei sjølve skulle lese og reflektere over teksta, at dette er like viktig som svaret dei kjem fram til, seier ho.

Alle epostane førte til at ho oppretta ein eigen bloggpost, retta til elevar som arbeider med bøkene hennar i skulen.
«Til deg som har bokprosjekt» lyder overskrifta, og i bloggposten skriv ho svara på tre av dei vanlegaste spørsmåla ho får: Kva bøkene hennar handlar om, kva bodskapen i bøkene er og kva verkemiddel ho bruker.

Svaret på dei tre spørsmåla er dei same: Les boka.

Glad når elevar tek kontakt
– Mange elevar er gode, og bruker tid på å gjera det skikkeleg. Som oftast skriv dei ikkje til meg, eg får vita det av læraren om eg tilfeldigvis er på klassebesøk, seier Sortland.

For sjølv om mange elevar er litt i overkant triggerhappy i epostskrivinga, understreker Sortland at han først og fremst syns det er kjekt at folk les bøkene hans, og tek kontakt.

– Eg blir veldig  happy for at dei skriv om bøkene og skrivinga mi. Kvar gong nokon skriv til meg om dette blir eg glad, seier han.

Det tyder likevel ikkje – som nokon av elevane verkar å tru– at han gjerne skriv oppgåva for dei.  

– Eg får også ein del epost frå elevar eg trur er late og sløve, dei seier sjølv dei ikkje har lest boka dei skal skriva om, og ber meg eigentleg om å skriva oppgåva for dei, seier.

Gode og dårlege spørsmål
Røssland på side kan fortelje at bloggposten har verka. Ho får langt betre spørsmål no, enn ho fekk før ho skreiv bloggposten. Men kva er eigentleg eit godt spørsmål å stille til ein forfattar?

– Dei beste spørsmåla er dei som viser at eleven har lese teksta og har ein tanke eller ein teori bak spørsmålet sitt. Då svarer eg langt og grundig, fortel ho, og forklarer med eit døme:

«I boka Minus meg har du ein heilt ny teori om døden, er det slik du trur det er, eller er det noko du har dikta opp?»

Kva er eit dårleg spørsmål då?
– Eit spørsmål som viser at eleven ikkje har lese boka eller tenkt å gjere det heller, er vel det mest kjipe, forklarer ho, og gjer eit døme på spørsmål som ikkje er så gøy å få: «kan du skrive eit særemne for meg om deg??»

Sortland er i stor grad samd med Røssland.

– Viss dei for eksempel spør om korleis det er å skrive om ei jente som hovudperson, så blir eg glad. Det betyr at dei har lest og tenkt. Eller spør om eg bruker grep frå film når eg skriv bøker. Slike spørsmål er intelligente, og har noko med saka å gjera, seier han.

Det er likevel ikkje alle som er like orienterte eller originale når dei sender spørsmåla sine til Sortland.– Det er mange gonger klin like spørsmål, og ofte finn ein dei fleste svara på nettsida mi.  Dessutan spør dei mykje om privatliv, som eg ikkje svarer på, seier han.

Forfattaren er ikkje fasiten
– Eg trur det kan vere viktig å forklare elevane kvifor dei skal gjere oppgåva og kva det er meininga dei skal lære seg, seier Røssland.

Ho trur at fleire elevar ikkje forstår at poenget med slike oppgåver er å faktisk undersøkje sjølv, at det ikkje berre handlar om å kome fram til rett svar, men òg å lære noko i prosessen.
– Det kan også vera at dei er usikre på om dei svarer rett og at dei ser på forfattaren som fasitten. Eg prøver å forklare at forfattaren aldri er fasiten, at det er deira eiga oppleving og tolking av boka som er det viktige.

Sortland har på si side reagert på oppgåvene mange av elevane får.

– Mykje er skulen sitt ansvar, dei lagar spørsmål som elevane ikkje kan finna svar på utan å spørja meg, seier han.
Dette trur han henger saman med eit syn på litteratur der lesaropplevinga ikkje er viktig nok i seg sjølv.

– Det er mykje slik bruk-nytte-tenking omkring litteratur, som eg verkeleg misliker. Teksta er jo skrive for at lesaren skal få ei litterær, subjektiv oppleving. Det er det eg vil. Eg har sagt det eg vil sei i boka. Eg vil eigentleg ikkje sei så mykje meir.

Meir personorientert kultur
Også Røssland har erfart at elevane er blitt meir personorientert.

– Dei seinaste åra har eg også merka meg at elevar er meir opptekne av person enn av bok, det kan ha noko med den auka personfokuseringa i media generelt, seier ho.

Nett den vendinga er ikkje Røssland tilhengar av.

– Eg svarer i veldig liten grad på spørsmål om familie og oppvekst, med mindre det er spesifikt knytt til ei bok, seier ho.

Sortland understreker likevel ein ting.
– Ein kan alltid skrive ein epost til meg, same kva. Eg har det ofte travelt, og kan ikkje svare så utfyllande. Men det er lett å forføre meg med intelligente spørsmål frå ein som har lest meg på alvor. Dei får svar, avsluttar han.

Faktaboks

Tips til deg som har bokprosjekt

1. Les boka, og tenk over kva du vil fokusere på i oppgåva

2. Gjer eit søk på google, og les det andre har skrive om teksta og forfattaren. Kanskje finn du intervju eller tekster forfattaren har skrive sjølv, anten om bakgrunnen sin eller om boka du skriv om. Har du lese dette, så slepp du å sende det same spørsmål til forfattaren som andre allereie har stilt.

3. Om du framleis har spørsmål etter å ha lese bok og etter å ha undersøkt på veven, så er det heilt okei å stille spørsmål til forfattaren.

4. Eit godt spørsmål er eit spørsmål som er spesifikt og knytt til teksta du skal skrive om og problemstillinga du har valt. Vis at du har lese bok og at du har tenkt over denne.