– Regjeringa må få fart på grøn maritim omstilling

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Utviklinga har komme for kort. Ein har framleis ikkje gjort det som trengst for å nå dei vedtatte måla om å halvere utsleppa i heile maritim sektor innan 2030 og vidare til nullutslepp, seier teknologiansvarleg Marius Gjerset i miljøstiftinga ZERO til Nynorsk pressekontor.

Aukande interesse

Marius Gjerset er teknologiansvarleg i miljøstiftinga Zero.
Foto: Zero

Gjerset peikar på at det er varierande kor langt den grøne omstillinga har kome i maritim sektor.

– Ferjebransjen har vore først ute med elektrifiseringa. Der vil om lag ein tredjedel av alle ferjene i ordinær drift vere med batteri i 2021. I resten av maritim sektor er det litt varierande kor langt utviklinga har kome, men det har skjedd ei stor endring no med aukande interesse for – og gjennomføring av – prosjekt med batteri- og straumtilkopling, fortel han.

– Batteriløysing for hybrid drift av nye båtar er no i ferd med å bli ei standardløysing og er med i vurderinga for alle nye prosjekt. I år er det òg bygd to nye fabrikkar for produksjon av maritime batteripakkar med betydeleg større produksjonskapasitet. Så det blir investert betydelege beløp, legg han til.

Etterlyser betre verkemiddel

Gjerset meiner det må innførast betre verkemiddel for å lukkast med den grøne omstillinga i sektoren.

– I ferjesektoren er det krav til nullutslepp i nye anbod. Det må innførast slike krav for supplyskip, oppdrettsbåtar og fleire andre fartøy, konstaterer han.

– Det må òg innførast meir miljødifferensierte hamneavgifter slik at det blir lønnsamt for reiarlaga å investere i omstilling til landstraum og batteriløysingar. Etter kvart må det òg komme krav til landstraum i alle hamnar, avsluttar han.

Illustrasjonsfoto av kollektivtransport i Finnmark. Foto: Knut Åserud/Finnmark fylkeskommune