Norske elevar i arbeid for ungdom i gruvene i Kongo
Over 60.000 elevar skal delta på Operasjon Dagsverk torsdag. Årets aksjon støttar ungdommar utsette for tvangsarbeid i koboltgruvene i Kongo.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Mellom 60.000 og 80.000 elevar over heile landet skal arbeide for å hjelpe barn og unge i DR Kongo til eit betre liv, til skulegang og til ei betre framtid når Operasjon Dagsverk går av stabelen torsdag.
– Dei fleste trur at menneskehandel høyrer til historiebøkene, men det har aldri vore fleire slavar enn det er i dag, seier utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF) til NTB.
Utviklingsministeren er veldig glad for at årets Operasjon Dagsverk er tildelt Caritas Noreg og prosjekta til organisasjonen for ungdommar utsett for tvangsarbeid i koboltgruvene og militsane i Kongo.
Stort engasjement
– Det som er spesielt med årets operasjon, er at det er eit stort engasjement for prosjektet. Det ser vi mellom anna på at det har vore eit stort oppsving i talet på påmelde, seier Jens Øygarden Ingebrigtsen, som leier Operasjon Dagsverk.
OD-leiaren fortel at dei håper at årets aksjon kan bringe inn mellom 20 og 22 millionar kroner.
– Det er gjennom skulegang vi finn vegen ut frå eit liv i krig og tvangsarbeid i koboltgruver. Denne kobolten vil berre bli meir og meir attraktiv sidan det vestlege behovet for smartteknologi aukar. Derfor er dette prosjektet så viktig, sa kommunikasjonssjef Ellen Høvik i Caritas Noreg då samarbeidet med OD vart annonsert.
- Les også NUPI Skole si grundige sak om gruvedrifta i DR Kongo: Jobben er farleg og arbeidsforholda er elendige, men også ei sårt tiltrengt inntektskjelde på landsbygda
Utfordra av fredsprisvinnaren
Utviklingsministeren minner om at meir enn 40.000 barn og unge er utsette for menneskehandel og slavearbeid i umenneskelege forhold i gruvene, meir enn 60 meter under bakken.
– Då Denis Mukwege var i Noreg og tok imot fredsprisen i fjor, utfordra han oss på ansvaret vårt som forbrukarar og kjøparar av varene frå gruvene i Kongo. Vi kan ikkje slutte å kjøpe det, men det er mykje vi som forbrukarar kan gjere for å betre vilkåra til dei som arbeider i gruvene, seier Ulstein.
Han påpeikar at Utanriksdepartementet jobbar i samarbeid med Næringsdepartementet, Justisdepartementet og Interpol for å få eit betre internasjonalt lovverk på plass og påpeikar at forbrukarane har stor makt når det gjeld kva for varer vi kjøper.
– Operasjon Dagsverk er ei god moglegheit for bedrifter til å ta imot engasjerte ungdommar. Kanskje samtalane rundt lunsjbordet kan handle om det som føregår i Kongo. Vi har alle eit ansvar, og ungdommane er gode forbilde som tar tak i dette, seier Ulstein.
- Les intervjuet med dei kongolesiske tenåringane Mukamba (16) og Daniel (17), som begge jobbar i gruver: – Det største problemet er at det er vanskeleg å puste
Operasjon Dagsverk
- Årleg solidaritetsaksjon til norske elevar, der skuleungdommar jobbar ein dag og gir inntekta til eit utvalt formål
- Gjennomført for første gong i 1964, den gong i regi av Noregs Gymnasiastsamband. I dag er det Elevorganisasjonen som står bak.
- Årets Operasjon Dagsverk er tildelt Caritas Noreg og prosjekta organisasjonen har for ungdommar utsette for tvangsarbeid i koboltgruvene og militsane i Kongo.
- Den offisielle OD-dagen er i år 31. oktober.
(Kjelde: OD, Caritas)