Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I den nyaste iOS-oppdateringa til Apple er ein drøss med nye emojis med. Blant dei nesten 400 nye emojiane, som skal vera meir inkluderande, finn me altså bloddråpen. Denne skal symbolisera mensen.

Vil bryte stigma rundt mensen

Det var Plan Internastional UK som initierte til denne emojien for omlag to år sidan, med mål om å minska stigma rundt mensen. Etter ei undersøking viste at 47 prosent av britiske kvinner mellom 18 og 34 år, trudde det ville bli lettare å snakka om mensen med ein mensen-emoji.

— Eg er veldig glad for at mensen-emojien endeleg har kome. Mensen-emojien er eit viktig steg i rett retning for å bryte tabu rundt det å snakke om mensen, både her heime og i mange av dei landene Plan International jobbar, seier Kari Helene Partapuoli, generalsekretær i Plan International Norge i ei pressemelding.

I mangel på reint vatn, sanitærprodukt og kunnskap om mensen, er det rekna at jenter over heile verda går glipp av 10-20 prosent av skuledagane sine på grunn av mensen.

I Afrika er det estimert at så mange som éin av ti jenter går glipp av skulen på grunn av mensen kvart år (UNICEF).

Kjem du vil å bruka mensen-emojien?

Kjem du vil å bruka mensen-emojien?

Ja, sjølvsagt!17
Nei, ikkje aktuelt.1
Veit ikkje8
Svar totalt: 26

 

Folket ville ha mensen-truse

Fem design vart laga av Plan og over 50.000 stemte fram sin favoritt: mensen-trusa. Denne vart sendt inn til Unicode Consortium. Dei utviklar Unicode-standarden, og bestemmer kva emojiar som skal vera standard.

Dei opprinnelege forslaga var langt tydelegare på at det er mensen det handlar om, men det var altså den meir nøytrale, enkle bloddråpen som gjekk gjennom. Den kom på andreplass i avstemminga, og i samband med NHS Blood and Transplant, fekk altså Plan denne gjennom.

Dei opprinnelege forslaga frå Plan.

398 nye, inkluderande emojiar

I løpet av året skal både mensen-emojien og resten også koma på Android og andre operativsystem.

Av dei andre nye emojiane er det ein kjønnsnøytral versjon av alle menneske-emojiane, person med stokk, person i rullestol, protesearm- og fot, førarhund, døv person, høyreapparat og mykje meir.

Her er resten av emojiane som også kom med same oppdatering:

Periods are sexy. Eller? Test kva du kan om mensen i quizen vår.