Framtida.no søker bokmeldarar, skribentar og frilansarar

Har du ein skribent eller bokmeldar i magen? Framtida.no lyser ut etter skribentar, bokmeldarar og frilansjournalistar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 25.11.2019 12:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skribent av meiningstekstar

Er du mellom 15 og 25 år og likar å skrive? Framtida.no lyser ut etter skribentar. Me er på jakt etter ein god penn, som vil skriva gode, meiningsberande tekstar om samfunnet me lever i. Tydelege meiningar kan vera ein fordel, men minst like viktig er det å evne å henta inn fakta, drøfta og problematisera saker som opptar unge.

Det er ein fordel at du meistrar nynorsk, som er språket me brukar, men alle tekstar blir korrekturlesne.

Send inn ein søknad der du fortel litt om deg sjølv og kva som engasjerer deg, saman med arbeidsprøvar til redaktør Svein Olav Langåker på svein@ framtida.no

Me oppmodar særleg gutar og personar med minoritetsbakgrunn til å søka.

Søknadsfrist: 24. november

Bokmeldar

Brenn du for god litteratur og formidling av denne? Me er på jakt etter ein bokmeldar som kan lesa og melda litteratur for Framtida.no. Det viktigaste her er at du vågar å meina noko og grunngjev meiningane dine godt utifrå boka du har lese, gjerne med konkrete døme.

Send inn ein søknad der du fortel litt om deg sjølv og kva du likar å lesa, saman med arbeidsprøvar til redaktør Svein Olav Langåker på svein@ framtida.no

Me oppmodar særleg gutar og personar med minoritetsbakgrunn til å søka.

Søknadsfrist: 24. november

Frilansjournalist

Me søkjer gode, sjølvstendige journalistar som kan levera gode nettsaker med bilde (og gjerne video) til Framtida.no. Det viktige er at du er flink å sjå kva som er ei god sak og få tak i dei rette kjeldene. I tillegg skriv du godt.

Send inn ein søknad der du fortel litt om deg sjølv og kva som engasjerer deg, saman med arbeidsprøver til redaktør Svein Olav Langåker på svein@ framtida.no

Me ønskjer å spegla heile landet, og ønskjer oss frilansarar i by og bygd i heile Noreg. Me oppmodar særleg gutar og personar med minoritetsbakgrunn til å søka.

Søknadsfrist: 24. november

Framtida.no er ei redaksjonelt uavhengig avis på nynorsk for unge mellom 14-25 år. Me har som mål å auka og få fram engasjementet til unge – og å styrka nynorsken. Framtida.no har kontor i Oslo og på Stord. Lesartala våre aukar, og i 2019 har over 100.000 brukarar vore innom nettsidene våre kvar månad.