Oljeutslepp utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja vil endre økosystemet i Norskehavet og Barentshavet permanent, viser ein ny studie frå Havforskingsinstituttet.
NPK-NTB
NPK-NTB

I fire år har ei forskargruppe studert korleis oljeutslepp vil verke på økosystema i Norskehavet og Barentshavet, ifølgje NRK.

– Vi ser heilt klart at økosystemet ikkje klarer å komme tilbake til den tilstanden det var i før eit oljeutslepp, seier forskingssjef Erik Olsen i Havforskingsinstituttet.

Eit større oljeutslepp utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja (LoVeSe) vil føre til varig endring i økosystema.

– LoVeSe har eit enormt biologisk mangfald. Det er heilt unikt i verda, understrekar Olsen.

– Fryktar for bestandane og levebrødet

Havforskingsinstituttets råd er å unngå aktivitet som kan endre plante- og dyrelivet. Havforskingsinstituttet har laga ein datamodell som simulerer følgjene av eit oljeutslepp. Konsekvensane var spesielt store for hyse og sild.

Norges Fiskarlag er bekymra over det som kjem fram i studien.

– Vi fryktar for bestandane og levebrødet vårt. Det er urovekkande at vi får bevis på det vi kanskje har frykta i lang tid, seier leiar i Norges Fiskarlag, Kjell Ingebrigtsen.

Han meiner styresmaktene i større grad bør legge vekt på råda frå forskarane.

Måndag vart det gitt grønt lyst til prøveboring ved Trænarevet på Helgeland, noko ei rekke miljøorganisasjonar er sterkt kritiske til. Dei fryktar mellom anna at eit eventuelt oljeutslepp vil drive inn i Lofoten. Bellona og Natur og Ungdom er på veg til Trænarevet for å aksjonere.

Miljøorganisasjonen Natur og Ungdom demonstrerte mot gruvedeponi framfor lokala der Our Ocean-konferansen vart avvikla. Foto: Natur og Ungdom

Kommentarar

ANNONSE