Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Har du høyrt om fem for hvalen? Det er litt det same konseptet, seier Byrkjedal på telefon til Framtida.no.

Ho vil nemleg laga musikkvideo og håpar publikum vil hjelpa henne. I same slengen håpar ho det bidreg til litt mindre plast i naturen.

– Eg vil laga ein kollasj av filmar der folk plukkar plast frå gata eller andre stader det ikkje burde vera, fortel artisten.

– Å veksa opp som forbrukar i Noreg har gitt meg dårleg samvit

Denne hausten har 27-åringen frå Sandane fleire låtslepp frå plata Songs for a Restless World, som kjem i januar.

Ein av songane, A Great Fake Piece of Land, handlar om dei store plast-øyene som flyt rundt på verdshava. Ho håpar musikkvideo-prosjektet kan skapa medvit om kor lite som skal til, for å minska mengda plast som hamnar i havet.

Resten av songane har ho også skrive med fokus på klimakrisa og korleis det kan følast å leva i tida vår.

– Nokre låtar er heilt spesifikt om klima, plastøyer og luftforureining. Andre handlar om tvilen rundt kva eg som enkeltperson kan gjera for framtida og jorda vår, seier artisten.

Ho fortel at ein av låtane, Some days, til dømes handlar om dei dagane der ein ikkje har overskot til å redde verda.

Byrkjedal seier at det å vekse opp i Noreg, som forbrukar og forureinar har gitt ho dårleg samvit.

– Songane kjem frå kjenslene knytta til det å leva i den tida me lever i no, der klimaendringane er ein veldig viktig del.

Protestsong og aktivisme

Idéen til prosjektet kom til for snart to år sidan, då ho flytta til København. Ho byrja med å læra seg gitar, så kom songskrivinga og no er plata klar.

– Det har vore ei bratt kurve. Eg synest det er kjekt å spela på eit instrument eg ikkje kan. Det er veldig inspirerande å ikkje vita kva eg spelar, men berre lytta til kva eg synest var fint. 

Musikken er basert i sangskrivar-tradisjonen, inspirert av politiske protest-songar, folk og meir eksperimentelle uttrykk.

– Eg hadde lyst å skrive songar om ting eg er oppteken av, og klimakrisa er noko som opptek meg veldig. 

Ho fortel at oppveksten i Sogn og Fjordane gjorde at ho tidleg fekk ei sterk tilknytting til å vera ute, og det å passa på nærmiljøet. I ein naturfagstime på ungdomsskulen, kjende ho fyrste gong på klimaangsten.

– Eg hugsar at eg skjønte at klimaendringane var i gong, og at det kom til å skje. At dei vaksne ikkje kjem til å gjera noko med det. Det hugsar eg godt: opplevinga av at det er utanfor dei vaksne sin kontroll.

Sidan då har ho vore meir medviten på korleis ein lever meir berekraftig. I vaksen alder vart det til eit spørsmål om kva ho kan gjera som musikar.

– Vanskeleg å ikkje skriva deprimerande

– Korleis har det vore å ta utgongspunkt i eitt tema og protest-sjangeren?

– På ein måte har det vore lettare å skriva fordi eg veit kva eg meiner. Eg er ikkje i tvil om at utsleppa må kuttast, eller om klimaendringane er ei tydeleg bekymring eg har. Samstundes har det vore veldig vanskeleg å skriva på ein måte som ikkje berre er deprimerande, eller med peikefinger der folk får dårleg samvit. 

– Det er jo eit «i vinden» tema. Det er ikkje berre eit salspoeng?

– Eg hadde lyst å gjera noko som var i tråd med mine verdiar, så det berre blei sånn. Men er jo forsåvidt også i vinden. 

Ho fortel at ho merkar dette særleg etter konsertar, eller når ho fortel kva prosjekt ho held på med. 

– Det er eit behov for folk i alle aldrar, for å snakka om dette og dela. Det er noko ein ber på uansett perspektiv. Anten ein er uroa for si eiga eller ungane si framtid.

Trur ikkje me greier å stansa klimakrisa

Sjølv tykkjer ho det er vanskeleg å seie kva ho tenker om klimakrisa. Om ho har gitt opp, eller framleis har håp.

– Det er mykje som kjem til å endre seg: korleis me kjenner naturen og samfunnet. Det er nok meir korleis me skal finne ein måte å leve med det på, enn at me skal klara å stoppa det no. Det går så treigt, det maskineriet.

Samstundes fortel ho at ho ser store endringar, hos folk rundt om.

– Men det må også kome ovanfrå, og det går treigt. Det er vanskeleg å seie, men eg gir jo ikkje opp. Eg gjer det eg meiner er det beste. Prøver å minimera mine avtrykk og utslepp. Fordi eg trur det kan hjelpe. 

Pål Moddi Knutsen. Foto: Privat