Kor mykje nordsamisk kan du?
Test kor god du er i det mest utbreidde av dei tre samiske språka i Noreg.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Samisk er ikkje berre samisk. Du har sørsamisk, nordsamisk og lulesamisk.
Quiz: Forstår du nordsamisk?
- Spørsmål 1 av 11
1.
«Lihkku beivviin» seier du, men kva betyr det?
Riktig! Eller «riekta», som det heiter på nordsamisk. «Lihkku beivviin» seier du på samefolkets dag, 6. februar.
«Boastut»… er kanskje verdast beste ord for galt. «Lihkku beivviin», betyr sjølvsagt «gratulerer med dagen». Så no veit du kva du skal seie på samefolkets dag 6. februar.
- Spørsmål 2 av 11
2.
Du skal ta «girdi» til Kautokeino? Kva framkomstmiddel er det?
Riktig! «Girdi» betyr fly. Raskaste vegen med bil eller «biila» frå Oslo til Kautokeino tek dryge 19 timar. Båt er «fanas» og «toga» er nok ikkje aktuelt før om hundre år.
Neida! «Girdi» betyr fly. Raskaste vegen med bil eller «biila» frå Oslo til Kautokeino tek dryge 19 timar. Båt er «fanas» og «toga» er nok ikkje aktuelt før om hundre år.
- Spørsmål 3 av 11
3.
«Galge go gávppis fitnat?» spør venen din. Men kva betyr det?
Riktig! Det er viktig at du lærer deg det viktigaste først. «Galge go gávppis fitnat?» spør du og får sjølvsagt ja på spørsmålet: «Skal me to stikke bort på butikken?»
Neida. Det du fekk spørsmål om var ganske enkelt: «Skal me to stikke bort på butikken?» Så kva seier du? «Galge go gávppis fitnat?»
- Spørsmål 4 av 11
4.
Du møter ein som seier: «Váccán joatkkaskuvlla». Kva betyr det?
Oh yeah! «Joatkkaskuvlla» betyr vidaregåande skule, medan «allaskuvllas» er høgskule og «universitehtas» seier seg sjølv.
Neida. «Joatkkaskuvlla» betyr vidaregåande skule, medan «allaskuvllas» er høgskule og «universitehtas» seier seg sjølv.
- Spørsmål 5 av 11
5.
Du ynskjer deg ein «njealjejuvllat» til bursdagen. Kva er det?
Riktig! «Njealjejuvllat» er firhjuling. Du vil heller frese rundt på vidda i myggen på firhjulingen sommartid enn vintertid på ein «skohter». «Oaggunstávrá» (fiskestang), kan du heller kjøpe sjølv.
Det kan bli mange rare bursdagsgåver om du skal skriva lista på samisk. «Njealjejuvllat» er firhjuling. Du vil heller frese rundt på vidda i myggen på firhjulingen sommartid enn vintertid på ein «skohter». «Oaggunstávrá» (fiskestang), kan du heller kjøpe sjølv.
- Spørsmål 6 av 11
6.
Ein ven ber deg «bovre dal rutni». Kva gjer du då?
Du gjer som du får beskjed om. «Bovre dal rutni» betyr bor eit hol i isen. Så er det berre å finne fram «oaggunstávrá»
Nei! Nei! Nei! «Bovre dal rutni!» «Bor eit hol i isen!» Det blir ikkje noko fisk på deg i dette tempoet.
- Spørsmål 7 av 11
7.
Du gler deg til å vitja «Áhkku» og «Áddjá». Kven er det?
Riktig! Du skal til bestemor og bestefar («Áhkku» og «Áddjá»). Og om du ikkje har besøkt dei på ei stund så er det kanskje på tide?
Aiai! Eg håpar ikkje du svara at det var dei som song «Voi voi». Kanskje er Nora Brockstedt nokon si «áhkku» (bestemor), men dette var riv ruskande gale. «Áhkku» og «áddjá» er bestefar og bestemor, så har du det til seinare.
- Spørsmål 8 av 11
8.
«Oaččun go cummestit du?» spør du. Og blir kjempeglad når du får ja, kvifor det?
Jadda! Samtykke er viktig på alle språk. Når du spør: «Oaččun go cummestit du?» og har fått ja, då får du lov å kysse personen. Og er det ein person som ikkje har lært samisk kan du berre gå for: «Får eg kysse deg?»
Nei. Det er ikkje lønnsauke, tv-seriar eller samiskundervisning. «Oaččun go cummestit du?» betyr «Får eg kysse deg?», og dersom du får ja, vert alle glad.
- Spørsmål 9 av 11
9.
Du gler deg til «giđđa», men kva årstid er det?
Riktig! «Giđđa» er vår, «geassi» sommar, «čakča» haust og «dálvi» vinter. Men visste du at samisk har enno fleire årstider enn på norsk? Dei har både vårsommer (giđđageassi), seinsommer (čakčageassi), haustvinter (čakčadálvi) og vårvinter (giđđadálvi). Vêr er ikkje berre vêr og vår er ikkje berre vår.
Her tippa du vilt? Fasiten er: «Giđđa» er vår, «geassi» sommar, «čakča» haust og «dálvi» vinter. Men visste du at samisk har enno fleire årstider enn på norsk? Dei har både vårsommer (giđđageassi), seinsommer (čakčageassi), haustvinter (čakčadálvi) og vårvinter (giđđadálvi). Vêr er ikkje berre vêr og vår er ikkje berre vår.
- Spørsmål 10 av 11
10.
Du har med «dihtor» og «girji» i sekken, men kva er det?
Riktig! «Dihtor» er datamaskin og «girji», bok. Alt du treng.
Kjem du på skule/jobb utan datamaskin og bok!? For noko tull!
- Spørsmål 11 av 11
11.
Sist, men ikkje minst: Korleis seier ein god natt på nordsamisk?
Riktig! Og om du slenger på «fávru», så vert det: «God natt, beautiful». «Buorre idja fávru» der altså.
Ikkje heilt, men alt er fint. Det er kanskje litt voldsamt å seie: «Eg lengtar etter deg», «eg elskar deg», eller «tenkjer på deg», men «Buorre idja» (god natt), går fint.
Resultat:
Vurdering:
Kjelde: Samisk parlør, Sametinget