Undersøking: 1 av 4 gav samtykke til å gi frå seg alle personlege data på Facebook

Éin av fire nordmenn gav samtykke til å gi frå seg alle personlege data på Facebook, ifølgje eit fersk eksperiment gjort av norske forskarar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Undersøkinga vart gjennomført av forskarar frå Norsk Regnesentral (NR) og Universitetet i Bergen (UiB), som gjorde eit skjult eksperiment på Facebook, skriv Aftenposten.

Seniorforskar Ingvar Tjøstheim ved Norsk Regnesentral.

2.800 nordmenn vart spurde om å gi samtykke til at personlege data og all informasjon som Facebook hadde om dei vart henta ut. Dei fekk følgjande spørsmål:

«Du har tidlegare svart på undersøkingar. Kan vi kople desse svara med Facebook-profilen din eller annan informasjon på Facebook om deg, og legge informasjonen til profilen din som oppdragsgivar lagar?”.

– Det vi spurde om, er nesten det same som å be om lov å få hente alle filer folk har på datamaskina og mobilen. Vi bad om å få vite alt om vedkommande, kva han eller ho hadde svart på tidlegare undersøking og alt som fanst av opplysningar om dei på Facebook, seier seniorforskar Ingvar Tjøstheim ved NR til Aftenposten.

Spørsmål: «Du har tidlegare svart på undersøkingar. Kan vi kople desse svara med Facebook-profilen din eller annan informasjon på Facebook om deg, og legge informasjonen til profilen din som oppdragsgivar lagar??». Representativt utval på 1340 personar.
Kjelde: Norsk regnesentral

Flest menn som samtykte

26 prosent gav samtykke til å hente ut alle persondata på Facebook. Det var flest menn blant dei som samtykte. 32 prosent av alle menn gav samtykke, medan berre 20 prosent av kvinnene gjorde det same.

Lisbeth Berg ved Senter for velferds- og arbeidslivsforsking ved Oslomet.

Stadige førespurnader om samtykke i dagens digitale samfunn fører til at mange kanskje svarer automatisk ja, meiner forskar.

– I staden for å føle at vi har moglegheit til å kontrollere persondataa våre, har vi fått ei flodbølge av førespurnader som vi skal gi samtykke til, seier Lisbeth Berg ved Senter for velferds- og arbeidslivsforsking ved Oslomet.

Illustrasjonsfoto: Rawpixel, Unsplash.com