Narkoaksjon blant mindreårige på Haugalandet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdommane vart måndag oppsøkt heime, på skulen eller på jobben. Det vart òg tatt urinprøvar og gjennomført ransakingar – mellom anna heime hos dei.

Ungdommane er i alderen frå 15 år og oppover.

  • Les også: Venstre-toppar vurderer legalisering av narkotikabruk

Planlagt i lengre tid

Aksjonen har vore planlagt i ein lengre periode etter at politiet arbeidde med ei narkotikasak som vart avdekt tidlegare i vår, opplyser leiar av avsnitt for generell etterforsking ved Haugesund politistasjon, Laila Kristin Eike, i ei pressemelding.

– Det vil ta tid før vi har det endelege resultatet av aksjonen, seier avsnittsleiaren.

Aksjonen gjer dei fordi politiet meiner dei har skjellig grunn til mistanke om narkotikabruk, etter arbeidet i vår. Det er hovudsakleg snakk om hasj og ecstasy, men også andre stoff, seier Eike til VG.

Førebygging av rusproblem

Aksjonen er mellom anna utført for avdekke om ungdommane har eit vedvarande rusproblem.

– Ungdommar er ei prioritert gruppe hos politiet, og vi ønsker å førebygge bruk av narkotika blant ungdommane våre. Det er den viktigaste årsaka til aksjonen i dag, opplyser Eike.