Jødisk forstandar krev forbod mot rasistiske organisasjonar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forstandar Ervin Kohn i Det mosaiske trussamfunn seier til Vårt Land at nyheita om angrepet prega heile forsamlinga. Han krev endå ein gong eit norsk forbod mot rasistiske grupper.

– Vi som lever i Noreg, tar demokratiet for gitt. 85 prosent av alle som lever i Noreg i dag, er fødde etter krigen, så det er kanskje ikkje så rart. Men kva betyr det? At vi til dømes ikkje ser svake signal og utvikling over tid. Samfunnet vert ikkje endra frå den eine dagen til den andre, like lite som eit terrorangrep skjer plutseleg eller i eit vakuum. Noko ligg i førekant. Spørsmålet er: Kor skal vi sette grensene for kva som skal vere tillate?, seier han.

Synagoge-angrep i Tyskland

Tysdag førre veke vart ein 27-årig tyskar arrestert for å ha prøvd å angripe ein synagoge i Halle i Tyskland. Då den antatte gjerningsmannen, som var tungt væpna, mislykkast i å storme synagogen, plasserte han heimelaga eksplosiv utanfor og kasta ein handgranat inn på den jødiske kyrkjegarden tett ved. Deretter drap han to og såra fleire personar.

I eit opptak før og under angrepet kom mannen med antisemittiske utsegner og fornekta holocaust. Han skal òg ha publisert eit antisemittisk, såkalla manifest for over ei veke sidan.

– Det er det mørkt og kaldt og vanskelege å rekruttere

I Oslo var norske jødar samla i synagogen for å markera høgtida jom kippur då nyhenda kom. Forstandar Kohn har fleire gonger teke orde for å forby rasistiske og nazistiske organisasjonar.

Han meiner det vil verna om demokratiet, og at eit forbod vil visa ei tydeleg grense for kva ein skal tolerera i samfunnet.

– Enkelte seier at då går nazistane heller under jorda. Eg seier: Ja, men det er fint. Der nede er det mørkt og kaldt, og vanskeleg å rekruttere. Det er fordi eg ikkje trur trolla sprekk i sola. Dei blir brune i sola, og det er ingen god farge i denne samanhengen, seier Kohn.

Salman Chaudhry er Nestleiar i Stord Sosialistisk Ungdom. Foto: Privat